Silje Ødegård Standal liker jul. Og nissen som skremde henne som lita, har ho sjølv hyra til nye nisseoppdrag for sine eigne born.
Privat

Startar å pynte til jul alt 1. desember

Silje Ødegård Standal (34) blei skremd av nissen som liten, men no elskar ho jul.
Publisert

Silje Ødegård Standal, er ein

Eikefjording som jobbar på Florø barneskule. Men akkurat no nyt ho siste månaden med permisjon, og julepynting.

Kva barndomsminne har du om nissen?

– Det eg hugsar best er når naboen min hadde kledd seg ut som nissen. Ho kunne verkeleg spele også, og kom trampande opp på verandaen og banka på rutene. Så eg vart livredd og gøymde meg. Ei skummel oppleving med nissen, men når eg fekk snop så blei det bra stemning. No har ho faktisk vore nissar for mine ungar også.

Kva håper du nissen skal gje deg i år?

– Ein ferietur ein varm stad. Ein rundtur i Italia.

Kor julete er du på ein skala frå 1-10?

– 10! Første desember då byrjar eg å pynte til jul. Eg set ikkje opp treet då, men stort sett alt anna pyntar eg. Julegåvene har eg for det meste kjøpt i oktober, så eg kan slappe av og kose meg i desember. Vi plar ha bakeverkstad med venner og våre 16 born, så då blir det mykje julekaker! Og så bakar vi med familien, men då er det mest gjærbakst. Risbollar må eg alltid lage to boksar av, for den eine blir alltid eten opp før jul.

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

– Å vere saman med familien, kose oss saman og ete god mat.

Plast eller ekte tre?

Plast! Det er mykje mindre styr. Det kan setjast ut i boda, og så er det like fint neste jul på fem minutt. Og med tre ungar ser eg føre meg at det hadde vore meir nåler på golvet enn på treet med eit ekte tre.

Kva seier du om vi av miljøomsyn innfører at kvar innbyggjar maksimalt får julehandle for 1000 kroner, utanom mat?

– Det hadde kanskje blitt litt vanskeleg, men på ein måte hadde det vore litt herleg og. Då hadde ein sloppe å handla så mykje.

Går du i kyrkja, eller betyr jula mest nokre ekstra fridagar?

– Eg går i kyrkja på julaftan, då går jo nesten alle i kyrkja. Der plar vi møte vener og dele ut julekort og julegåver, då føler eg at vi er skikkeleg i gang med jula. Det er noko med høgtidsstemninga ein får når ein syng herleg er jorda.

Kven vil du sende ein julebodskap?

– Donald Trump. Gå av som president!

 

Artikkeltags