– Nabokjerringa skryter av kor fint det er, så då må eg berre halde fram

MYKJE ARBEID: Ein heil dag frå tidleg morgon til seint om kvelden må til for å få alle julelysa på plass.

MYKJE ARBEID: Ein heil dag frå tidleg morgon til seint om kvelden må til for å få alle julelysa på plass. Foto:

ASKVOLL: Når Kurt Rutledal set i gang med å pynte huset med glitrande julelys, må kona halde seg vekke.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Før første søndag i advent er alt på stell. Ein heil dag frå tidleg til seint om kvelden går med når fleire hundre lys skal på plass rundt heile huset og langs lister og oppi tre og busker.

– Og du kan tru eg kosar meg med det, smiler Rutledal, som held til på Bulandet.

Sjølv skuldar han på genane:

– Eg har det etter ho gamle mor og etter han bestefar. Dei var veldig glade i å pynte. Og det har eg alltid vore sjølv. Men det har med ein tendens som med alt anna; det startar i det små og så ballar det på seg år etter år, ler han.

Kjerringa må halde seg unna pyntinga

Men sjølv om han er glad i julelysa, har han grenser:

– Eg likar ikkje så sånne blinkande amerikanske greier, det held eg meg unna. Eg set opp lys langs lister og langs verandaen. Og så har eg ei nabokjerring som skryter av kor fint det er, så då må eg berre halde fram. 

– Kva seier di eiga kone til pyntinga?

– Nei, ho er stille overberande. Ho veit det ikkje er hjelp i, flirer han.

Men så får ho heller ikkje vere med på pyntinga, det er det berre yngstemann i familien, Johannes (19) som får lov til.

– Kjerringa berre blandar seg i pyntinga. Då er det betre å ha med gutungen, vi må jo lære opp neste generasjon. Dessutan gjer han akkurat det han får beskjed om.

Alltid ein jordfeil ute og går

Som nordsjøarbeidar passar han godt på å ha lysa vel på plass før desember tek til. I desse dagar skal han ut att i Nordsjøen.

– Om alt går etter planane og vêret er med oss, kjem eg på land att 20. desember. Då skal eg nyte synet som møter meg.

Men fleire hundre lys rundt heile huset, er det sjølvsagt noko som går skeis. Tradisjonen tru er det alltid ein jordfeil i løpet av desember som tek alt av lys med seg.

– Men det må ein berre ta med seg, ler han. 

– Det må jo vere veldig flott for alle om bord på båtane å sjå inn på huset ditt?
– Ja, det håper eg no dei synest, elles blir eg skuffa, humrar han.

«De dødes krok» på loftet

Også innvendig pyntar Rutledal til jul.

DE DØDES KROK: Eit skeivt gamalt plasttre arva etter onkelen og eit stabbur frå svigerfar står på heidersplassen oppe på kontoret.

DE DØDES KROK: Eit skeivt gamalt plasttre arva etter onkelen og eit stabbur frå svigerfar står på heidersplassen oppe på kontoret. Foto:

Oppe på loftskontoret har han ein liten krok som han kallar «Dei dødes krok», sjølve heidersplassen i rommet. Her står eit arva stabbur etter svigerfaren og eit lite krokbøygd plastre etter den avdøde onkelen Idden.

– Onkelen min var så stolt av det treet og eg måtte alltid komme og sjå det rett før jul. Treet lukta alltid av skråtobakk, for spyttebakken var like ved treet. Han var ikkje så nøye på det og spytta gjennom greinene. Det kunne ein kjenne på lufta, flirer Rutledal.

Beint er det heller ikkje, for det blei lagra under eit skråtak og fekk fasong deretter. Men lukta av skråtobakk er vekke:

– Så er det nokon som bruker skråtobakk, så er de hjarteleg velkommen til å sende ei klyse eller to innimellom greinene, berre for å få tilbake litt av den opphavlege julelufta.

Artikkeltags