Bildet til Jostein Vedvik kan sjåast av 10 millionar

Dette er bildet hans. Det viser opningsseremonien i Lysgårdsbakkene i Lillehammer, før showet starta.

Dette er bildet hans. Det viser opningsseremonien i Lysgårdsbakkene i Lillehammer, før showet starta. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Jostein Vedvik sitt bilde har blitt brukt som forsidebilde på den offisielle facebooksida til The Olympic Games.

DEL

– Etter at eg tok bildet, blei det lagt ut på Lillehammer 2016 si facebookside, der mange delte det vidare. Så brukte dei bildet på nettsida si. Deretter hamna det i bakgrunnen på dagsrevyen på NRK, og dagen etter på kveldsnytt. Og til slutt hamna det på OL si offisielle facebookside. Det var heilt sjukt. Eg blei sjokka, seier den unge fotografen frå Førde. Han er i desse dagar fotograf i mediatemet til vinter-Ol for ungdom på Lillehammer.

Slik beskriv Vedvik hendingane som leda opp til at bildet hans no er synleg for 10 millionar menneske. Bildet hans er det første ein ser når ein klikkar seg inn på facebooksida til OL.

Blei takka av IOC

Bildet har han tatt på eige initiativ.

– Eg hadde sagt til ein av dei ansvarlege for medieteamet at eg ville ta eit oversiktsbilde av seremonien. Og så var det skikkeleg fint vêr, så vi køyrde rundt og tok fleire bilde, seier han.

Han seier at han har fått mykje merksemd etter at han tok bildet.

– Då eg skulle møte nokon frå mediateamet til den Internasjonale Olympiske komiteen (IOC), merka eg at dei var glade for at eg hadde tatt bildet. Dei takka meg. Eg merkar også at når eg går rundt her, så spør folk meg om det var eg som tok det bildet, seier Vedvik.

Jostein Vedvik (t.v.) saman med Josef Benoni Ness Tveit i eit av OL-lokala.

Jostein Vedvik (t.v.) saman med Josef Benoni Ness Tveit i eit av OL-lokala. Foto:

Artikkeltags