[SOGN AVIS]: Vi sit på Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal. På Rutlin. Jostein Brugrand frå Lærdal har vore her i godt over to månader.

– Eg er betre enn eg nokon gong har vore. Er evig takksam for den hjelpa eg har fått. Dei som jobbar her har snudd livet mitt fullstendig. Eg ser lyst på ting no. Du må skryte av dei, viss du får til det.

Det er slikt ein gjerne ikkje snakkar om: At ein går til psykolog eller har vore på eit psykiatrisenter. Kanskje torer ein ikkje oppsøke det heller, sjølv om ein burde.

Slik var det for Jostein.

– Det som hjelpte meg mest, var berre å tore å be om hjelp. Det må starte der. Eg tippar det er ganske mange rundt om som burde hatt seg ein tur hit. Det er ikkje farleg på nokon måte. Når eg sit her no, skjønar eg ikkje kvifor det var så vanskeleg.

– Var ikkje bra i det heile

Vi spolar attende 30 år. Til barnehagen. Jostein sat i rullestol fordi han hadde ein medfødd hoftesjukdom, calve-legg perthes. Dørene på Tønjum barnehage i Lærdal var for smale for rullestolen, så han måtte ned på barnehagen på Lærdalsøyri i staden. På Porten.no, der han nyss fortalde historia si med eigne ord, skriv han om andre ungar som velta rullestolen hans. Slike ting.

– Eg seier ikkje at alt var jævlig, men det var mykje skit.

Barneskuletida på Ljøsne var ein grei epoke. Mykje takka vere ei av tre kvinner Jostein vil trekkje fram; lærar Sissel Randi Lysne.

– Ho passa på meg som ein hauk. Eg var jo ikkje heilt enkel, og det var berre ho som forstod meg, ho såg ikkje på meg som dum. Sjølv om eg var litt umogleg, hadde ho trua på meg. Eg hadde mine beste skuleår på Ljøsne.

Ungdomsskulen på Lærdalsøyri skulle derimot bli ei tøff tid.

– Det var berre mykje mobbing og tull heile tida. Ingen tok tak i noko. Eg var veldig mykje åleine, stengde meg inne. Hadde nokre få gode kompisar, men vart fort det sorte fåret. Eg skulka mykje. Det var ikkje bra i det heile.

Jostein byrja å miste tilliten. Til systemet, til folk. Stolte ikkje på nokon.

– Det gjer eg ikkje den dag i dag. Eg stengde meg inne, sa ikkje noko til nokon. Tok på meg skulda også, orka ikkje å styre med det.

– Men det skal seiast; eg var ikkje enkel, legg han til.

Sosial angst

Og det var det kanskje grunnar til.

– Eg var veldig uroleg og aktiv då eg var yngre. No er eg til utgreiing for ADHD.

– Ingen såg at det kunne vere det då?

– Det var snakk om, men eg vart aldri diagnostisert med ADHD på det tidspunktet.

Jostein søkte seg inn på kokkelinja på Hafslo, utan at det var veldig gjennomtenkt.

– Det var feil val. Men halve klassen i Lærdal søkte seg dit. Og eg visste ikkje kva eg ville då eg var 16, så eg gjorde det alle andre gjorde. Det var lite grann betre i Luster med den mobbinga, men eg var veldig inneslutta. Den sosiale angsten låg der, og den gjekk an å drikke vekk. Det var ikkje heilt bra.

– Korleis er det med den angsten no? Grudde du deg til eg skulle koma og snakke med deg, til dømes?

– Det er ikkje så gale no når eg blir medisinert. Men eg kan kvi meg for å reise på butikken, og reiser difor som regel på kvelden når det er lite folk der.

– Då rakna alt

Dei mange dårlege opplevingane heile vegen frå barnehagen til enda skulegang sette sitt preg på Jostein. Set sitt preg den dag i dag.

– Eg har alltid bore på usikkerheit, hatt eit sjølvbilete som ikkje likna grisen. Alt var min feil, fekk eg høyra, og til slutt trudde eg på det. At eg ikkje var bra nok på nokon måte. Så vart det forsterka med dårlege lærarar. Til slutt gidd ein ikkje å prøve meir.

Han stod ikkje i alle fag og vart aldri ferdig utdanna kokk. Så vart han også pappa, som 19-åring.

– Eg var jo på ingen måte klar for det. Men det har no gått veldig bra, då.

Ikkje lenge etter tek historia ei vending i feil retning. På grunn av rein og skjær uflaks. I samband med festlegheiter i Lærdal går han forbi nokre tumultar der ei glasflaske blir knust og eit glasbrot sprett i i auget til Jostein. Han blir tilnærma blind på høgre auge etter episoden – har berre litt sidesyn. Og pupillen blir øydelagt så den står vid open heile tida. Følgjeleg blir han frykteleg lyssensitiv.

– Då rakna alt.

– Fordi skaden var så inngripande, eller fordi det var enno ein vanskeleg ting i livet ditt?

– Det var veldig inngripande, men vart også enno ein ting, ja. Det sette meg ut av arbeidslivet i sju år. Då sat eg inne. Kunne ikkje gå ut medan det var lyst. Det var jo ikkje betre det, for psyken.

– Du sat åleine inne i sju år?

– Eg var i lag med ei ei stund. Men stort sett sat eg åleine.

– Då var det vel lett å ty til flaska att?

– Nei, etter eg fekk unge og auget rauk, så har eg knapt drukke.

– Det er no godt gjort. Viser viljestyrke.

– Ho sa det, legen min også. At det var godt gjort at eg ikkje landa i noko rus.

Opptur

I 2016 fekk han ein augeoperasjon som hjelpte mykje på for lyssensitiviteten. Det var starten på ein opptur.

– Eg tok sertifikatet. Og fekk eit vikariat på sjukehuset. Men sjølv om eg var på veg opp, så låg det psykiske og ulma.

Oppturen heldt likevel fram. Året etter kjem ei ny kvinne inn i livet til Jostein. Ei som verkeleg forbarmar seg over den usikre unge mannen. Ann Helen Kvitle Bakk.

Ho budde i Jostedalen, og Jostein flytta dit.

– Ho vart enormt viktig. Det er vanskeleg å setje ord på det. Eg har vore nedstengt i 30 år. Ikkje sagt noko til nokon, ikkje til foreldra mine heller. Men Ann Helen slo seg gjennom den veggen, til slutt. Ho gav seg ikkje.

Han jobba ei stund på NTP, men året etter flytta dei i lag til Lærdal. Jostein fekk eit vikariat på kring eitt år på sjukehuset, og ting gjekk ganske greitt.

– Det var ein jobb eg likte veldig godt. Så har bandet eg vart med i, Himmelstorm, vore viktig. Det vart ein friplass. Eg har ikkje så mange nære elles, men kompisane der betyr mykje.

Jostein trente også litt med det gryande seniorlaget til Lærdal, i tillegg til at han fotograferte ein del for dei.

– Fotografering var ei interesse eg ikkje visste at eg hadde. Det er veldig kjekt. Eg veit ikkje heilt korleis eg snubla over det. Det er kanskje den ADHD-en eg har i meg, at eg får tunnelsyn og går så djupt inni det som eg berre kan. Det er det same med musikken. Lærte eg meg to grep, skulle eg læra meg alle grepa.

– Det betyr at du kan få til det du vil.

– Eg føler det, så lenge eg ikkje tykkjer det er keisamt. Då er det ikkje alltid det går så bra.

Han starta også sitt eige fotograferingsføretak no i vinter, Brugrand media.

– Eg var open for det meste av oppdrag. Det gjekk greitt, det, heilt til eg hamna her.

Så gjekk det veldig gale

På Rutlin, altså. Plassen der ein kan få hjelp, men som det er så vanskeleg å be om hjelp frå for mange.

For Jostein skulle det til slutt handle om marginar mellom liv død.

– Det gjekk veldig gale. Starta eigentleg då bestemor mi døydde. Eg har alltid vore nedåt, men eg fekk ein skikkeleg knekk då. Bestemor fekk meg til å føle meg som alle andre. Eg budde også eitt år hjå henne då eg gjekk på skulen på Hafslo. Har alltid vore veldig tett med ho.

Det var i 2020. Ei tredje kvinne som har vore veldig viktig i livet hans. Men ho forsvann.

Kva som føregjekk i hovudet hans i ettertida var umogleg for folk flest å sjå konturane av. Samstundes vart han pappa på ny.

– Derifrå tok eg eit par steg ned i kjellaren. Og vart verande. Eg var ikkje nokon god person å vere rundt, og det gjekk utover Ann Helen.

– Det vesle eg har hatt kontakt med deg dei siste åra, har du alltid stått fram positiv og blid?

– Det blir litt innøvd. Du tek på deg ei maske. Det var ingen som visste noko.

Så sprakk det.

– Eg prøvde å ta livet mitt to gonger. Ein gong i påska og ein gong i sommar.

– Kva føregår i hovudet når ein tenkjer å gjere det?

– I mitt tilfelle vart alt så overveldande at eg hadde ikkje kontroll. Eg ville få det til å stoppe, rett og slett.

– Tankane?

– Tankane. Alt mogleg. Det blir det einaste du ser. Eg veit jo med meg sjølv etterpå at det fanst ikkje rasjonelt. Eg har jo ungar. Men eg klarte ikkje å tenkje på noko anna. Det vart altoppslukande.

– Braut saman som ein liten unge

Første gong, i påska, vart Ann Helen den reddande engelen – igjen. Ho ringde akkurat på rette tidspunktet.

– Svak som eg er, så stoppa det meg. Det er eit eller anna med det kvinnemennesket som berre ...

Jostein må henta seg litt inn.

– Det vart første gongen foreldra mine fekk vita om det. Dei vart sjølvsagt heilt frå seg. Men eg nekta å snakka med nokon på fleire veker. Det var ikkje rette måten å handtere det på. Den biten gjekk over til slutt, men framleis var eg heilt nede på felgen. Så alt hamna i hendene på Ann Helen. Ho kom fram til at ho måtte flytte. Det var ingen kjekk beskjed, men eg har full forståing.

Jostein fortel at han halsa seg gjennom sommaren med hovudet såvidt over vatnet. Så sprakk det på ny no i august. Han prøvde å gjere slutt på det heile for andre gong.

– Så fekk eg panikk. Veit ikkje kva eg tenkte.

Ein tanke, eit klart augneblikk om at det alltid finst håp, at det alltid kan snu til det betre. At han eigentleg vil vere her med oss andre, ikkje minst ungane sine. Noko slikt.

Så Jostein avbraut.

– Det var centimeter ifrå. Eg var heilt manisk, sat og slo rundt meg. Så reiste eg rett opp til Ann Helen, braut saman som ein liten unge på golvet der.

Ann Helen prøvde å få Jostein innlagt. Han nekta og reiste heim til Lærdal i staden.

– Eg heiv innpå medisinar, sov eit par timar og vakna tidleg om morgonen. Så ringde eg til Førde og sa eg måtte leggjast inn. Deretter køyrde eg opp sjølv.

Det vart eit heilt avgjerande val. Etter å ha lege på akutten i Førde nokre dagar vart Jostein sendt til Indre Sogn psykiatrisenter og har vore her sidan.

– Hadde eg ikkje vore her, så hadde eg ikkje vore her. For å seia det slik. Dei har vore heilt fantastiske.

– Kjem litt i ei eiga boble

Denne helga blir Jostein utskriven. Då flyttar han til Luster. Luster i Luster, altså.

– Kjennest det godt eller skremmande?

– Litt begge deler. Det blir godt også, eg har vore her veldig lenge. Eg har mykje å gjere med flytting og den biten når eg kjem ut, det trur eg hjelper på den overgangen. Det hadde vore annleis om eg berre skulle heim og sitje åleine. For ein kjem litt i ei eiga boble her inne, inn i ei eiga verd. All driten utanfor blir stengt ute, på ein måte. Så det er veldig avslappande å vere her; ein blir vand til det også.

– Eg veit vel ikkje heilt kva eg skal tru, legg han til.

Jostein skal i alle fall prøva å få seg jobb.

– Det er første pri. Det hadde hjelpt veldig på. Åra etter auget sette meg i ein ganske kinkig økonomisk situasjon. Eg har ein del drit som forfølgjer meg frå den tida. For eg fekk ingenting for auget mitt.

Han fortel at saka vart lagt vekk hjå politiet fordi han ikkje var ein del av tumultane.

– I tillegg vart eg ståande litt i limbo med NAV. For dei var eg for frisk til å vera sjuk. Samstundes for sjuk til å jobba. Eg såg attende på skattemeldinga mi; i 2015 hadde eg 17 kroner i inntekt. Eg anar ikkje korleis eg har fått til det. Så for meg er det ganske viktig å få tak i arbeid.

Ikkje åleine, likevel

Ein slags restart på livet, langt på veg. Og eit steg dit var å fortelje alt det han tidlegare har lukka inne. Difor skreiv han om det til Porten.no, mykje inspirert av Gøran Sjølie af Geijerstam, som hadde fortalt si historie til nettavisa like før.

– Korleis har responsen vore etter at du fortalde dette?

– Heilt enorm. Eg har fått meir meldingar enn eg klarar å svare på, omtrent. Eg kan ikkje nemne namn eller skule, men eg fekk faktisk melding frå ein tidlegare lærar som la seg flat og beklaga seg. Då fekk eg litt stadfesting på at det faktisk var slik og ikkje berre noko eg følte. Så den kjendest god å få.

Det er viktig for Jostein å få fram at ein ikkje må vere for skamfull til at ein ber om hjelp.

– Det er mange som har skrive til meg fordi dei slit sjølve, folk som eg aldri hadde tenkt at hadde noko problem. Så det har jo hatt ein god effekt. Og det var jo det eg ville med dette.

Sola tittar inn vindauga på besøksrommet på Rutlin. Det skarpe lyset som Jostein i mange år måtte unngå. Framleis må han myse litt ekstra, men det er mykje betre no. Både det og at kjensla av einsemd har mindre plass.

– Det blir nesten litt overveldande å sjå at du ikkje er åleine når du alltid har trudd at du er åleine.

Treng du nokon å snakke med?

Ring alarmtelefonen for born og unge på 116 111.

Døgnopen telefon for seksuelt misbrukte på 800 57 000.

Mental helse sin døgnopne hjelpetelefon på 116 123.