Jord, snø og stein rasa ned på fv. 615 ved Hopsvatnet

RAS: Ein bilist knipsa dette bildet ved rasstaden tysdag kveld.

RAS: Ein bilist knipsa dette bildet ved rasstaden tysdag kveld. Foto:

DEL

Dette melde Vegtrafikksentalen klokka 20.45 tysdag kveld.

– Raset består av stein, tre, jord og snø. Entreprenør er på veg for å sjekke ut området og vurdere tiltak, opplyste Vegtrafikksentralen.

Hopsvatnet ligg på strekninga mellom Storebru og Hyen.

Vegen vart først stengt, men opna igjen om lag ein halvtime etter Vegtrafikksentralen melde om hendinga.

– Det var ein mindre rotvelt med litt jord, snø og stein. Vegen er no rydda og opna for fri ferdsel.

Like etterpå kom det ei ny melding frå Gloppen:

Fv. 5730 ved Gjengedal er mellombels stengd grunna eit velta tre.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags