Tysdag gjekk eit jord- og steinras på fv. 607 ved Ramsgrøvatnet, på strekninga Hellevika i Fjaler og Salbu i Hyllestad. Det melde Vegtrafikksentralen like før klokka 22.00 tysdag.

Entreprenør reiste ut, og klokka 23.42 melde Vegtrafikksentralen at vegen var rydda og open for fri ferdsel.

Hald deg kontinuerleg oppdatert på kva som skjer på vegane på vegvesen.no.