Motorsykkel køyrde av vegen på E39 i Jølster - lange køar i området

ULYKKE: Her hentar bilbergar motorsykkelen. Når dei er ferdige blir vegen opna igjen.

ULYKKE: Her hentar bilbergar motorsykkelen. Når dei er ferdige blir vegen opna igjen. Foto:

Førar sendt til sjukehus etter ulykka.

DEL

Like etter klokka 11.30 melde politiet at ein motorsykkel har køyrt av vegen ved Grimsbø i Jølster.

Klokka 11.45 opplyser Steinar Hausvik ved politiets operasjonssentral at ambulanse er framme på staden.

– Dei har tatt pasienten rett i bilen og til sjukehus. Alt vi veit no er at motorsykkelen køyrde av vegen, seier Hausvik.

Føraren er bevisst og klagar på smerter i ryggen, melder politiet like før klokka 12.

Ingen andre innblanda

Politibetjent Solveig Skerve er på staden. Ho seier til Firda at dei så langt ikkje veit korleis ulykka har skjedd.

– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen. Føraren av motorsykkelen er ein mann. Det har ikkje vore andre køyretøy innblanda i ulykka, seier Skerve.

Ho seier politiet har avhøyrt vitne til det som skjedde.

Bilbergar på staden

Ulykka har ført til lange køar å staden, og klokka 12.35 var bilbergar på plass for å hente sykkelen. Trafikken vart då dirigert forbi ulykkesstaden.

Vegtrafikksentralen melder om redusert framkjømd på grunn av ulykka.

Klokka 12.20 melder Statens vegvesen at trafikken er i bevegelse igjen.

– Ambulansen har køyrt frå staden, og bilbergar er på veg. Trafikken er begynt å bevege seg, men det er framleis køar, seier trafikkoperatør John Anders Omdal i Statens vegvesen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags