Telenor i gang med å skøyte fiber: – Vi jobbar på så fort det går

FIBERBROT: Bildet syner raset i Ommedal. I området skal det vere eit fiberbrot som fjer at fleire er utan internett.

FIBERBROT: Bildet syner raset i Ommedal. I området skal det vere eit fiberbrot som fjer at fleire er utan internett. Foto:

Uvêret har ført til at 500 er utan internett.

DEL

– Akkurat no er det litt i overkant av 500 breidbandskundar som er råka, seier informasjonssjef i Telenor, Roald Orheim.

Det er to fiberbrot som gjer at 500 er utan internett, og fleire er utan mobil. Eit er i Jølster og eit i Ommedal i Hyen.

I tillegg er fem basestasjonar i området ute, som gjer at fleire kan oppleve å ikkje få dekning på mobilen.

– Når ein er i nærleiken av ein basestasjon vil det vere mobildekning. Det er mange basestasjonar i området, ikkje berre dei fem som er ute, så om ein beveger på seg vil ein få dekning. Om ein står i ro kan ein få problem, seier han.

Er i gang med å skøyte fiber

Han fortel i 17-tida at entreprenørane til Telenor no har byrja å klargjere for skøyting av fiber i Jølster.

– Arbeidet byrjar så fort dei er klare med å få både fiber og utstyr på plass. Dei kjem til å jobbe utover kvelden. Så lenge vêret og lysforholda tillèt det, gjer vi alt vi kan for å skøyte fiberen.

Orheim forklarar at skøyting av fiberbrot vil føre til at fleire får mobildekninga tilbake. Han kan ikkje anslå kor mange som er utan mobildekning i området.

– To av dei fem basestasjonane er avhengige av straum. Dei tre andre kan kome tilbake med fiber. Vellykka fiberskøyting vil løyse mykje.

Undersøker framleis i Hyen

Han seier at dei fleste som no er utan breiband i Jølster vil få at internett så fort fiberskøytinga er unnagjort. Telenor kan ikkje seie kor tid fibernettet er i orden.

– Vi jobbar på så fort det går. Det er viktig for kundane og oss at linjene er oppe.

Innbyggjarane i Hyen som er utan internett, må nok vente ei stund til.

– I Hyen har vi ikkje kome så langt. Der driv vi framleis på å undersøke skaden på fiberbrotet, seier Orheim.

Artikkeltags