God medaljefangst under junior-NM i vektløfting

SØLV: Kristina Støfring frå Jølster var ein av fire jenter i Sogn og Fjordane-troppen. Ho løfta til sølv i klasse 75 pluss.

SØLV: Kristina Støfring frå Jølster var ein av fire jenter i Sogn og Fjordane-troppen. Ho løfta til sølv i klasse 75 pluss. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEKTLØFTING: I tillegg var 4 av 7 deltakarar frå Sogn og Fjordane jenter. Det var også 60 prosent av totalen.

DEL

Laurdag var det junior-NM i vektløfting i Larvik, og sju deltakarar deltok frå Sogn og Fjordane.

Blant desse sanka fylket totalt seks medaljar, og i tillegg vart det også sett fleire personlege rekordar, skriv Nord-Vestlandet Vektløftarregion i ei pressemelding.

Sjå bildene av resten av medaljevinnarane nederst i saka.

Slik vart medaljefangsten

Breimsbygda hadde fire, Jølster to og Tambarskjelvar ein deltakar. Medaljane fordelte seg slik (resultata i rykk og støt i parentes):

1 gull: Ole-Kristoffer Sørland, Breimsbygda (85 kilo – 116 kilo)

4 sølv: Vilde Sårheim (57 kilo – 67 kilo) og Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda (88 kilo - 115 kilo), Kristina Støfring frå Jølster (56 kilo – 68 kilo) og Ragnar Holme frå Tambarskjelvar (105 kilo – 130 kilo)

1 bronse: Oda Helene Sunde Svendsen frå Jølster (55 kilo – 66 kilo).

3. best blant gutane, og 4. best blant jentene

I tillegg til resultata i sine eigne vektklasser, vart det også premiering etter resultata etter den internasjonale poengtabellen (løfta vekt i høve til eiga kroppsvekt) på tvers av klassene. Robert Andre Moldestad hadde 3. beste resultat av gutane og Oda Helene Sunde Svendsen 4. beste resultat av jentene.

60 prosent var jenter

Verdt å merke seg var det også at kvinnedominansen i deltakinga ikkje berre fann stad i troppen frå fylket.

NM junior 2017 var første NM med jenter enn gutar. Og i år var over 60 prosent jenter.

Artikkeltags