Politiet reknar med ha god nok sikt til å starte hevingsforsøk rundt 1. september

LEITA: Her frå då Flora og Førde Røde Kors Hjelpekorps søkte etter sakna utanfor skredet ved Årneset i Jølster.

LEITA: Her frå då Flora og Førde Røde Kors Hjelpekorps søkte etter sakna utanfor skredet ved Årneset i Jølster. Foto:

Ved månadsskiftet håpar politiet at det vert klarare sikt i vatnet, slik at dei kan halde fram med leitearbeidet etter den antatt omkomne mannen i Jølstravatnet.

DEL

– Det er ikkje noko anna nytt å melde enn at vi må vente nokre veker før vi får moglegheit til å komme ned på botnen. Det må vere sikt på minst ein halvmeter. Firmaet som fann vraket, fortalde at sikta frå botn var på éin centimeter, seier Torbjørn Thue i politiet som er innsatsleiar for framdrifta med leiteaksjonen og hevinga.

Med hjelp av sonar vart det 8. august funne ein metallgjenstand på 170 meters djupne, 680 meter ut i vatnet.

Politiet er temmeleg sikre på at dette er den sakna bilen som blei tatt av raset på sørsida av Jølstravatnet 30. juli.

Ved månadsskiftet

Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, uttalte 8. august at dårleg sikt fører til at ein ikkje får søkt med kamera eller ROV. Den dårlege sikta gjer også at det ikkje let seg gjere å kome ned med kamera for å sjekke om det er nokon i bilen.

– I tillegg seier lokalbefolkninga at det under hundedagane er litt grumsete vatn. Vi har difor kanskje fleire forhold som jobbar imot oss. Slik som det ser ut no blir det ca. rundt månadsskiftet at vi kan komme oss ned på botnen. Det er også vêravhengig. Om det er mykje regn vil det også påverke arbeidet, seier Thue.

Vitne melde frå om bil i raset

31. juli bekrefta politiet at ein mann i 50-åra er sakna og antatt omkommen, etter at det gjekk ras på fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet tysdag 30. juli.

Allereie like etter raset gjekk, melde vitne om at dei hadde sett ein bil bli teken i jordskredet som gjekk over vegen. Ifølge politiet er det grunn til å tru at den sakna mannen køyrde bilen.

Artikkeltags