Har starta graving på land

STRARTAR GRAVING: Måndag startar graving på land i søket etter mannen som er sakna etter raset tysdag.

STRARTAR GRAVING: Måndag startar graving på land i søket etter mannen som er sakna etter raset tysdag. Foto:

– Gjenstanden som er funne i Jølstravatnet stammar truleg frå bilen til den sakna, seier lensmann Dag Fiske.

DEL

Det er søkt med båt heile helga og det er plukka opp diverse vrakgods.

– Delane er vist fram til dei pårørande og det er grunn til å tru at dei stammar frå bilen til den sakna, seier innsatsleiar i politiet Trond Hatlenes.

Delane som er funne er plastdelar og stemmer med utsjånaden til bilen.

Har starta graving

I dag blir det grave med gravemaskin rett ved vegbana. Området politiet ser på er 30–50 meter inn i raset frå Skei-sida og ligg nedanfor der vegen var.

– Vi har ikkje funne noko i vegmassane enno, seier Hatlenes.

Politiet held fram med graving heilt til det vise seg å ikkje vere naudsynt å grave der lenger.

– Årsaka til at ein har valt å grave i akkurat dette området skuldast slik raset ser ut og at det i går blei gjort søk med metalldetektor av brannvesenet, seier Hatlenes.

I morgon vil politiet halde fram med å søke med miniubåt og magnet.

Hatlenes skryt av innsatsen til dei frivillige.

– Det arbeidet som blei gjort i går av dei frivillige er imponerande. Veldig rørande å sjå lokalsamfunnet sitt arbeid, seier han.

Stor frivillig innsats

Arve Dvergsdal er utrykkingsleiar for leiteaksjonen og har leia arbeidet i helga. Det har totalt vore fire overflatesøk med båt. I tillegg har det vore landssøk.

– Det har blitt leita og søkt etter gjenstandar i vatnet. Gjenstandane som er funne er blitt gitt vidare til politiet, fortel Dvergsdal.

Han fortel at dei frivillige kjem frå heile Jølster og at det har vore godt oppmøte i helga.

– Det har vore omkring 70 frivillige som har delteke i kvart søk og vi har hatt mellom 20–25 båtar på vatnet samstundes.

– Vi vil finne det vi leitar etter, særskilt på grunn av familien, seier Dvergsdal.

I førre veke var sikta i Jølstravatnet dårleg. Den er no betre.    

– Sikta har tatt seg opp og det gjer at vi ser lysare på ting. Eg håper at vi får fleire svar i løpet av dei neste to dagane, seier Dvergsdal.

Namnet blir ikkje offentleggjort

Politiet skriv i ei pressemelding at magnetsøkar frå båt og ROV miniubåt vil bli sett inn i søket tysdag.

Dei skriv også at pårørande ikkje ønskjer at namnet til den sakna skal blir offentleggjort.

– Politiet vil respektere dette og namnet vil derfor ikkje bli frigitt, skriv politiet i pressemeldinga.

Artikkeltags