Mindreårige gutar stal hjullastar

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Mindreårige gutar vart frakta heim til foreldra sine etter å ha stole anleggsmaskin.

DEL

Politiet fekk seint i går kveld melding om tjuveri av ein hjullastar på Hjelmbrekke i Jølster.

– Det var to gutar som er yngre enn 18 år. Meir detaljert vil eg ikkje vere på alder, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved politiet i Sogn og Fjordane.

Gutane skal ha stole hjullastaren på Hjelmbrekke, og køyrt den til Øvrebø ved Vassenden.

– Det er ei strekning på om lag 3 kilometer, seier Værøy.

Politi tok hand om gutane og leverte gutane attende til foreldra.

– Dette er ei sak politiet kjem til å følgje opp, seier Værøy.

Artikkeltags