– Vi fekk eit tips frå publikum om ein bil som køyrde på felgen, seier operasjonsleiar Kjetil Drange.

Klokka 04.35 natt til fredag arresterte politiet to personar på Vassenden. Både førar og passasjer i bilen var rusa. Det var ei dame i 40-åra og ein mann i 30-åra. Begge er lokale kjenningar av politiet.

I bilen fann politiet ei rekke med gjenstandar som kan sjå ut som tjuvegods.

– Dei vert sittande i arresten fram til vi har fått kontroll over utstyret i bilen, seier Drange

Så lang har politiet ingen aning om kven eigaren av det stole utstyret kan vere.