Teken i 111 km/t i Jølster – UP fakka også fleire i kontrollen

Både fartssyndarar og bilførarar som brukte mobil bak rattet måtte bla opp då UP stod oppstilt langs E39.

DEL

UP hadde onsdag ein langvarig kontroll frå 14.30 til 18.00 ved Klakegg på E39 i Jølster. Her delte dei ut 11 forenkla førelegg for fart. Den største fartssyndaren av desse vart målt til 111 km/t i 80-sona på staden.

Patruljen tok også fleire for mobilbruk. Totalt fem personar fekk forenkla førelegg for dette.

Artikkeltags