Jølster fekk ein pangstart i Norgescupen i handbak

MEDALJEVINNARANE: Jølster Handbakklubb fekk i alt åtte medaljar i helga. F.v: Torbjørn Vollan, Tom Erik Berg, Jan-Erik Sunde og  Ottar Berg.

MEDALJEVINNARANE: Jølster Handbakklubb fekk i alt åtte medaljar i helga. F.v: Torbjørn Vollan, Tom Erik Berg, Jan-Erik Sunde og Ottar Berg. Foto:

JØLSTER: Handbakklubben i Jølster tok med seg heim åtte medaljar etter første runde i Norgescupen 2019.

DEL

På laurdag vart første av åtte rundar i Norgescupen i handbakk arrangert på Fefor Høifjellshotell på Vinstra. Jølster handbakklubb stilte med fire utøvarar, og alle reiste heim att med medaljar i bagasjen.

Torbjørn Vollan tok gull med venstre og sølv med høgre i master under 78 kilo. Tom Erik Berg tok bronse med både høgre og venstre i senior-klassa for dei over 110 kg.

Jan-Erik Sunde blei nummer ein i høgre master minus 78 kilo og nummer tre i venstre senior minus 70 kilo. Ottar Berg tok andreplassen i både høgre og venstre i master inntil 95 kilo.

Artikkeltags