Nesten til topps med «Einhjøring, dobbelt dyr»

Artikkelen er over 2 år gammel

6. klasse ved Skei skule er ein av seks finalistar i nasjonal komposisjonskonkurranse.

DEL

– Ein herleg gjeng med løysingsorienterte ungar som elskar å jobbe kreativt, seier musikklærar Maryan Mundal.

Alle dei 17 elvane i klassen bidrog aktivt i prosessen fram mot den ferdige komposisjonen som gav finaleplass i den nasjonale komponsisjonskonkurranse, Veslefrikkprisen 2016. Der hamna dei på ein femdelt 2. plass.

Jobba i åtte veker

– Vi jobba med stykket i åtte veker frå februar til mars. Og spør om det var høg stemning då vi fekk melding om finaleplassen måndag, seier Mundal.

Komposisjonen fekk namnet «Einhjørning, dobbelt dyr», og kan ifølgje Mundal ikkje plasserast i nokon spesiell musikalsk bås. Den er bygt opp med mange instrument, før den går over i melodiøst pianospel og blir avslutta med song av to av jentene i klassen.

1764 deltok

– Både tekst, melodi og akkordar er skapt av elevane, og tilbakemeldinga frå juryen var overveldande, seier Mundal.

Totalt 1764 born frå heile landet deltok i konkurransen, og seks klassar er nominert til finalen. Fem av dei vart presentert i ei pressemelding frå arrangøren torsdag. I tillegg til elevane frå Skei skule kom Bekkelaget skole, Godlia skole, Synnulven skule og Lunde skole til finalen. Den 6. finalisten blir offentleggjort 13 mai, og dette er vinnaren av Veslefrikkprisen 2016.

– Elevane i denne klassen deltok også i fjor, men då nådde dei ikkje finalen. I år er vi der, og det er vi strålande nøgd med, seier Mundal.

Ho har lovt elevane høgtidleg overrekking av diplom og heimebaka kake.

Artikkeltags