For lite areal til elevane

VASSENDEN: Fylkesmannen varslar motsegn mot arealplan.

VASSENDEN: Fylkesmannen varslar motsegn mot arealplan. Foto:

JØLSTER: Fylkesmannen varslar motsegn mot arealplan for Vassenden Sør, då han meiner elevane får for lite uteareal.

DEL

– Områdeplanen som er føreslegen, kan ikkje godkjennast, seier Vigdis Tonning i utval for oppvekst, kultur og helse.

Fylkesmannen varslar motsegn mot planframlegget for Vassenden Sør i Jølster.

I motsegna står det mellom anna; Etter vår vurdering er ikkje interessene til barn og unge tilstrekkeleg varetekne i planforslaget. Arealet som er avsett til uteareal ved skulane er, slik me ser det, ikkje store nok.

Dermed kan det også vere duka for ny politisk runde om fleibrukshall og plassering av den. Mindretalet i kommunestyret ville plassere hallen på innmark eigd av nabo til skulen, Jostein Gjesdal. Fleirtalet sa ja til plassering på skulen sitt areal - på Øyaflata.

– Fylkesmannen har følgt dagens reglar. Fleirbrukshallen som er planlagt vil ta for mykje uteareal om den vert lagt til Øyaflata, og sjølv om Øyaflata får ligge att vert det for lite areal, seier Tonning.

Manglar 2000 kvadratmeter

Fylkesmannen viser til Sosial- og helsedirektoratet sitt reglement. Minimumsarealet på middels store skular, med mellom 100 og 300 elevar, skal vere 10.000 kvadratmeter.

I motsegna frå fylkesmannen står det: Ved Vassenden skule blir det lagt til rette for 14 klassar, noko som betyr kring 300 elevar, og inneber eit arealkrav på 10 000 m² uteareal. Ifølge planomtalen er utearealet til skulen som er tilgjengeleg heile året og trafikksikkert kring 8000 m².

Meiner fylkesmannen brukar feil reglement

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, har ikkje fått sett på varselet frå fylkesmannen enno.

– Vi har ikkje formelt fått motsegna, men vi ser ikkje noko dramatisk på dette, seier Klakegg.

Han meiner reglementet fylkesmannen viser til ikkje vil gjelde for Vassenden skule.

– Eg har som sagt ikkje fått drøfta det med fylkesmannen enno, men ein kan ikkje bruke ei forskrift som gjeld nybyggarskular heller. På Vassenden er det berre snakk om å ruste opp, så eg er ikkje sikker på at han har dette på det rette. Eg trur ikkje det skal ha noko praktisk betydning for det som går føre seg no, seier Klakegg.

Artikkeltags