Fleire evakuerte i Vassendenområdet kan få reise heim

TILBOD OM BÅTSKYSS: Fleire av dei evakuerte i Jølster får no returnere til heimane sine, om dei ønskjer det. Bildet er frå båtaktiviteten på vatnet tidlegare på dagen.

TILBOD OM BÅTSKYSS: Fleire av dei evakuerte i Jølster får no returnere til heimane sine, om dei ønskjer det. Bildet er frå båtaktiviteten på vatnet tidlegare på dagen. Foto:

Evakueringssenteret vil framleis vere open for dei som treng det.

DEL

– Vi gir dei evakuerte tilbod om båt frå Vassenden til Ålhus. Derifrå går det buss vidare til Skei, seier Oddmund Klakegg (Sp), ordførar i Jølster til Firda.

Han seier at NVE og geologane har sagt til kommunen at det no er trygt for dei evakuerte å flytte heim. Ordføraren understrekar at dei evakuerte ikkje må føle seg pressa til å returnere heim.

– Om nokon føler seg utrygge og ikkje ønsker å reise heim att no, så har dei framleis tilbod om overnatting på Vassenden det kommande døgnet, seier Klakegg.

Dei evakuerte blir tekne hand om ved Vassenden skule og i Gjesthalla.

– Er det nokon som vil få vanskar med å kome seg inn att i heimen sin?

– Det kan eg ikkje svare på, det veit dei som er på staden.

God hjelp frå frivillige

Ordføraren var på Austlandet då uveret herja i heimkommunen. No er han tilbake i Jølster.

– Mange frivillige har gjort ein flott innsats. Det gjer ein ordførar stolt. Folk ser at det trengst ei hand og tek initiativ utan å bli spurt. Det er flott.

Han seier mange har tilbydd båtane sine, kome med mat, sengeklede og opna heimen sin.

– Trykka stemning

– Vi veit ikkje om det har gått bra med mange. Vi sit med ein Klump i magen, seier Klakegg.

Klokka 16.15 kunne Politioverbetjent Wenke Hope melde til Firda at det framleis er ti personar som ikkje er gjort greie for.

Onsdag bekrefta politiet at ein bil blei tatt av i eit jordskred ved Årnes. I 17-tida seier politiet at dei no søker etter antatt omkommen person.

– Det er ei ganske trykka stemning, seier ordføraren.

Artikkeltags