Sørsida av Jølstravatnet blir stengt i tre veker: – Det er omfattande arbeid

SØRSIDA ER STENGT: tysdag 30. juli gjekk det eit ras på sørsida av jøstravatnet. – Vegen opnar truleg om to til tre veker, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden. 

SØRSIDA ER STENGT: tysdag 30. juli gjekk det eit ras på sørsida av jøstravatnet. – Vegen opnar truleg om to til tre veker, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden.  Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det vil truleg ta to til tre veker før vegen på sørsida av Jølstravatnet er open for ferdsel.

DEL

– Det er usikkert når vi får opna vegen igjen, men slik det ser ut no er det to til tre veker, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden. 

Neste veke vil ein vite meir om kor lang tid det tek før vegen er klar.

– Når vi har tatt vekk skredamassane frå vegen, så veit vi meir om skadane og kor lang tid det tar, seier han.

Arbeidet med å fjerne skredmassane startar på måndag.

– Det er omfattande arbeid og delar av vegen må byggast opp att. Det er derfor det vil ta litt tid, forklarer han.

Dei som bur på sørsida må derfor belage seg på å ta ein omveg dei næraste vekene.

– Det er ikkje unormalt at ein må køyre litt ekstra etter at ein har hatt slike øydeleggingar på veg, seier Finden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken