Skadar for over 35 millionar kroner på kommunale eigedommar

REKNINGA: Rasa og flaumen på Vassenden gjorde skadar for over 35 millionar kroner på kommunale eigedommar og anlegg. Bildet viser raset då Årsetelva to ut.

REKNINGA: Rasa og flaumen på Vassenden gjorde skadar for over 35 millionar kroner på kommunale eigedommar og anlegg. Bildet viser raset då Årsetelva to ut. Foto:

Jølster kommune søker fylkesmannen om 34,5 millionar kroner i skjønsmidlar etter rasa og flaumen som ramma Vassenden 30. juli.

DEL

Dette opplyste rådmann Ellen Jensen på tampen av møtet i formannskapet torsdag. I tillegg må kommunen inn med eigendel på 750.000 kroner. Dermed gjorde flaumen og rasa skadar for totalt 35,2 millionar kroner den dramatiske ettermiddagen i slutten av juli.

– Fristen for å søke om skjønnsmiddel går ut fredag. Vi har utarbeidd ein oversikt der vi har sett opp kva det vil koste å reparere skadane på kommunale eigedommar og kommunale anlegg på Vassenden, sa Jensen.

Ho viste til detaljane som kjem fram i søknaden, men dei blir offentlege først fredag.

Tidlegare er det kjent at det vil koste mellom 80 og 90 millionar kroner å reparere fylkesvegane og E39 etter ekstremvêret som raste på Vassenden denne ettermiddagen og kvelden. Det er også kjent av Jølster skisenter er påført skadar på fleire millionar.

Skadar for fleire millionar i Jølster Skisenter: – Vi er avhengige av hjelp

Det vil koste 80–90 millionar å reparere vegane etter ekstremvêret

Familien har vore urolege kvar gong det har regna mykje etter flaumen. Vurderer å evakuere

«Tohundreårsregn» og nedbørsrekordar då rasa gjekk i Jølster

Artikkeltags