Det melder Firda Tidend.

Treet står langs fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet, mellom Myklebust og Dvergsdal. Der har det stått i minst 150 år, før røtene svikta denne helga.

Gjengangar i Astrup-måleri

Kunstnaren Nikolai Astrup har brukt treet i fleire av sine verk. I både «Marzmorgen» (1920) og «Vårnatt og seljekall» (1917) ser ein det ikoniske treet strekke seg mot himmelen.

Det var Magne Sunde som oppdaga at «Seljekallen» låg nede for teljing då han køyrde forbi på søndag kveld. I 2006 restaurerte Sunde og Johannes Kjøsnes treet for å få tilbake forma den hadde på Astrup si tid. 

Mellom anna skar dei ned ei ny stamme som hadde vakse opp frå rota.

Tolte kanskje ikkje behandlinga

– Det kan hende treet ikkje tolte denne behandlinga. Det som i alle fall er eit faktum er at mykje av røtene er rotne og at treet rett og slett har mista fotfestet. Det må ha skjedd i løpet av helga sidan lauvet enno var friskt på den friske delen av treet, seier Sunde til Firda Tidend.