Fylkeskommunen deler ut nesten ein million: Jølster Aurefest får 30.000 kroner til digitalt fiskekart

Ti reiselivsprosjekt i fylket får pengar som skal gå til å gjere attraksjonar meir tilgjengelege for turistar.

DEL

Av 29 søkarar er det 10 som har fått tilskot til prosjekta sine. Pengane er meint å vere infrastrukturmidlar til reiseliv, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Jølster Aurefest har fått tilskot på 30.000 kroner, som dei skal bruke til å utvikle ei nettside med digitalt fiskekart over gode fiskeplassar i Jølster.

Til saman får prosjekta 970.000 kroner, og pengane skal brukast på turløyper, parkering, turistbuss og digitalt fiskekart. Dette skal gjere attraksjonar i fylket meir tilgjengelege for turistar, og tiltak som sørger for at ein kan gå til fots fram til attraksjonane har vorte prioritert.

Florø-bedrift får mest

Visit Fjordkysten, med hovudkontor i Florø, er tildelt 200.000 kroner. Desse skal brukast til å utvikle fem merkte og tilrettelagde stormløyper langs kysten i Sogn og Fjordane.

Dette er dei andre som får støtte:

  • Balestrand Adventure har fått 117.500 kroner til oppstart av turistbuss frå Balestrand til Fjærlandsfjorden, over Gaularfjellet.
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark, Naustdal kommune, Gaular kommune og Førde kommune har fått tilskot til å etablere eller oppgradere parkeringsplassar i samband med turstiar.
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått midlar til å legge til rette siste del av stien til Brekkefossen i Flåm. Dette er eit prosjekt vi har støtta tidlegare og ønskjer å støtte vidare slik at ein får fullført prosjektet.
  • Vik kommune får 75.000 kroner til å kartlegge og utvikle eksisterande infrastruktur av sti og grusveg til å utvikle attraktive skilta/guida sykkel- og vandreprodukt over Vikafjellet og ned til Myrkdalen.

Artikkeltags