Kulturministeren ikkje til førpremiere på Astrup-film

TAKKAR NEI: Trine Skei Grande er på reise, og takkar nei til invitasjonen på førpremiera på Astrup-filmen.

TAKKAR NEI: Trine Skei Grande er på reise, og takkar nei til invitasjonen på førpremiera på Astrup-filmen. Foto:

Kulturminister Trine Skei Grande er på reise og kjem ikkje til Jølster 27. september.

DEL

Den dagen er det førpremiere på filmen om kunstnaren Nikolai Astrup «Flammen over Jølster».

– Trine Skei Grande takkar for hyggeleg invitasjon. På grunn av ei reise den veka har ho dessverre ikkje høve til å komme til Astruptunet. Statsråden helsar så mykje, ho skulle gjerne vore til stades på førpremiera, men gleder seg stort til å sjå denne filmen ved eit anna høve, skriv Lise Ødegården, seniorkonsulent i kulturdepartementet, i eit brev til Jølster kommune.

– Kinofilmen er ei storslått biografisk ferd gjennom Nikolai Astrups liv og inspirasjonen bak hans mest kjende bilde, skreiv ordførar Oddmund Klakegg i invitasjonen til kulturministeren.

Dronning Sonja er invitert til å opne framsyninga i Astruptunet. Filmen har kinopremiere 4. oktober.

Artikkeltags