Mistenker tjuveri på Nye Skei Stadion

MANGLAR HEKK: Ein slik hekk manglar frå Nye Skei Stadion. Eldsjel Jan Sunde fryktar tjuveri.

MANGLAR HEKK: Ein slik hekk manglar frå Nye Skei Stadion. Eldsjel Jan Sunde fryktar tjuveri. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Ein hekk har forsvunne frå den nyopprusta Skei stadion.

DEL

– Det er litt kjedeleg, når du set dei ut for at folk kan nytte dei og så forsvinn ein, seier Jan Sunde på Skei.

I eit innlegg på Facebook-sida til Nye Skei Stadion skriv Sunde at ein hekk manglar, etter at utstyret har stått fritt tilgjengeleg på bana i 14 dagar.

«Vi prøver oss med tillit for dei som bruker stadion, og håper at ein bruker utstyret som ein skal, og legg det tilbake på lager» skriv Sunde i innlegget.

Ber om tips

Han sette fram ti hekkar på bana for eit par veker sidan, men finn berre ni igjen.

Sunde ber om tips dersom nokon ser ein liknande hekk. I innlegget opnar han også for at nokon i god tru kan ha lånt hekken. I så fall ønsker han den tilbake umiddelbart.

«Alt av utstyr høyrer til på stadion og ingen andre stader. Om det viser seg å bli problemet med tjuveri og manglande rydding av utstyr, så må vi låse inn alt, og så må ein spørje om lov til å låne utstyr for trening», skriv han.

Kan ha blanda seg med andre hekkar

Då Firda ringer, seier Sunde at ei anna gruppe nyleg var på Skei stadion og trente med eigne hekkar.

– Dei meinte dei hadde tatt med same tal hekkar tilbake igjen. Men no er det ei som skal sjekke om ein av våre hekkar kan ha kome i lag med deira, seier Sunde.

Dersom hekkemysteriet ikkje kjem til ei oppklaring, blir utstyret flytta inn ei bod med kodelås, seier han.

Stadionet på Skei gjekk nyleg gjennom ei omfattande opprusting til 4,2 millionar kroner, betalt med kommunepengar, spelemidlar og midlar frå Sparebankstiftinga og idrettslaget.

Jan Sunde fronta arbeidet med friidrettsdelen på stadion. 1500 dugnadstimar blei lagt ned med opprustinga.

Artikkeltags