Gå til sidens hovedinnhold

– Kvifor kallar ein dei for jølstringar?

Artikkelen er over 4 år gammel

Joy Taylor fann to daude laksar i Storelva i Dale. – Men kvifor kallar ein dei jølstringar?

Det mangla ikkje på forklaringar då Joy Taylor i Dale la ut bildet på Facebook:

– Det ligg to store, daude laks ved brua. Nokon som kan forklare? spurte Taylor.

– The circle of life, skriv Sigvard Sørebø Skaar.

– I gamle dagar kalla vi desse for jølstringar.

– Men kvifor jølstringar, Sigvard Sørebø Skaar?

– Det veit eg ikkje. Men det var det ein kalla det. Då eg var gutunge, for vi mykje borte ved Valviken og fiska. Det er borterst på Steia, bortafor ungdomsskulen. Ein gong vi var der og fiska fekk eg ein stor, lang laks, nesten heilt svart. Eg var skikkeleg stolt då eg kom heim med den.

– Å, du har fått deg ein jølstring? sa far min.

– Ja, den er ikkje etande, sa han. Eg hugsar godt enno kor skuffa eg var. Det var første gong eg høyrte det uttrykket. Eg ser jo no at sjølve uttrykket er jo ikkje særleg positivt, då. For folk frå Jølster, meiner eg.

Sjefsjølstringen

Men kvifor kallar ein desse utmagra, halvdaude slåka for jølstringar? Firda ringte sjølvaste sjefsjølstringen, ordførar Oddmund Klakegg:

– Nei, det uttrykket har eg ikkje høyrt før. Ikkje i den samanheng. Men på Mørekysten var det eit fast uttrykk når dei skulle beskrive folk som ikkje kunne ro, at det var ein jølstring i båt. Det hadde vel med at jølstringane måtte reise på sildefiske for å tene pengar ein gong i tida, og kanskje ikkje var så båtvande. Det vart i alle fall brukt der oppe om folk som ikkje var sjødyktige, seier Klakegg, som må innrømme at han ikkje er mellom dei skarpaste på lokalhistorie og gamle uttrykk:

– Prøv Yngve Nedrebø, som er direktør for statsarkivet i Bergen, han har vel skrive alt som er av lokalhistorie om Jølster, han veit kanskje noko?

Men nei:

Vondskapsfulle menneske

– Rett nok har eg opphav i Jølster, men eg er no bergensar og har ikkje dialektbakgrunnen, og slett ikkje frå Førde og andre stader der vondskapsfulle menneske går rundt og finn på ord og uttrykk. Dette må du spørre Hallvard Viken om, seier Nedrebø.

– No har ikkje eg vore så mykje i lakseelvar, men spør min gamle studiekamerat Herman Bremer i Hafslo, han veit alt om laks, seier Viken.

– Her kallar vi dei for stødningar. Jølstringar har eg ikkje høyrt brukt. Men spør no Bjarne Huseklepp, seier Bremer.

Og der trefte vi nesten blink. For Bjarne Huseklepp, han veit nesten alt om jølstringar:

– Eg såg dei brukte uttrykket jølstringar om laksane, og det er rett, men det er feil brukt. Jølstringar er laksar som vi får når vi fiskar på våren i mai-juni. Jølstringar er laksar som har overlevd gytinga. Vi fekk mykje av dei då eg fiska nær munningen i Flekkeelva på 80-90-talet, dei er lange og tynne og ganske bitevillige. Kjem dei seg ut i sjøen, veks dei på seg att, og det er slike som kjem att og veg ti kilo pluss. I Flekke dreiv vi for nokre år sidan og merkte laksar som vi strauk og sette ut att i elva, og det var ei hoe som vart fanga igjen to gonger, i to forskjellige år. Det er ganske fantastisk.

Slunkne og tynne

– Men kvifor kallar ein dei jølstringar? Er det slik at jølstringar er så slunkne og tynne, fordi dei parar seg altfor mykje?

– Ja, nettopp. Frå laksen kjem i elva sluttar han å ete, og då tærer han på fettet han har, han skal leve, og produsere rogn og bruke mykje krefter på paringsleik og alt, og til slutt er det så lite att av dei at dei flyt halvdaude ned elva.

Bjarne Huseklepp veit nesten alt om jølstringar. Det er berre ein ting han ikkje veit:

– Kvifor kallar ein dei for jølstringar?

– Det veit eg ikkje.

Så mysteriet står så langt uløyst. Men veit du, vyrde lesar det, så send ein epost til oljo@firda.no, så skal vi sjå på saka.

Kommentarer til denne saken