Får 150.000 til topptursatsing

POPULÆRT: Tindefjellet er eitt av fleire populære toppturmål med Svidal som eitt av startpunkta.

POPULÆRT: Tindefjellet er eitt av fleire populære toppturmål med Svidal som eitt av startpunkta. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

JØLSTER: Kommunen vil bygge ni parkeringsplassar ved startplassane til attraktive toppturmål.

DEL

Og no er 150.000 tilskotskroner frå Naustdal-Gjengedals verneområdestyre i boks. Styret er glad for at kommunen tek fatt på utfordringar knytt til parkering for å unngå at den er til hinder og sjenanse for andre, og løyver det beløpet kommunen søkte om.

Totalkostnad: 1,1 million

Prosjektet har ein totalkostnad på 1,1 million kroner der 391.000 er knytt til eige arbeid. Det resterande er tenkt finansiert gjennom tilskot få ulike aktørar. Viss alle brikker fell på plass, er det duka for opprusting av totalt ni parkeringsplassar ulike stadar i Jølster.

To av dei skal byggast på Berg og i Svidalen, like mange i Dvergsdalsdalen og på Ålhus. Ein parkeringsplass er planlagt i Årdalen, ein i Sanddalen og ein i Stardalen. Alle er tenkt bygde i startpunktet for populære turmål. Utarbeiding av skiltplan og oppsetting av skilt er også ein del av prosjektet.

Ikkje godt nok tilrettelagt

Bakgrunnen for satsinga er at interessa for å gå toppturar har auka sterkt dei siste åra. Auka aktivitet gir større behov for tilrettelegging, og spesielt vinterstid er det ikkje godt nok tilrettelagt med parkeringsplassar for å dekke dagens og framtidig behov, går det fram av prosjektskissa.

Artikkeltags