Slår ring om frivilligheita

KUTTAR IKKJE: Det er ikkje politisk vilje til å kutte løyvingane til lag og organisasjonar. Frå v:  Arve Dvergsdal (Ap), Jakob Andre Sandal og Steinar Dvergsdal

KUTTAR IKKJE: Det er ikkje politisk vilje til å kutte løyvingane til lag og organisasjonar. Frå v: Arve Dvergsdal (Ap), Jakob Andre Sandal og Steinar Dvergsdal Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Det finst ikkje politisk vilje til å kutte tilskota til lag og organsiasjonar. Men kommunestyret overlet til administrasjonen å finne midlane.

DEL

Dermed er det klart at Jølster held kulturmidlane på dagens nivå. Skulekorpsa får tilskot til dirigentlønn, og tilskota til Frivilligsentralen blir vidareført på dagens nivå. Fleirtalet, samansett av Sp, Ap, SV og KrF, løyver også 30.000 kroner meir til kyrkja enn rådmannen tilrådde. Samstundes er det klart at det ikkje blir noko av den føreslegne auken i eigedomsskatten.

Manglar over to millionar

Rekninga blir på 1,5 millionar kroner, innsparingar det same fleirtalet overlèt til administrasjonen å finne ved å redusere driftsnivået tilsvarande. I tillegg manglar kommunen 760.000 kroner for å få balanse i drifta. Dette blir henta frå disposisjonsfondet.

– For lettvint

– Det er for lettvint å overlate ansvaret for å ta ned driftsnivået til administrasjonen. Den jobben må vi gjere sjølv, noko anna er dårleg politisk handverk, sa gruppeleiar i Venstre, Judith Kapstad.

Også ho ville behalde støtta til frivilligheita, men ville dekke kostnadene med å legge den nyoppretta ergoterapistillinga på vent. Korkje Høgre eller Venstre ville droppe den føreslegne auken i eigedomsskatten.

– Beklageleg, men rett

– Det er beklageleg at vi er nøydd å bruke disposisjonsfondet. Men det er midlar vi har bygd opp i gode tider som skal brukast når verda går oss i mot. Og kanskje må vi bruke meir, men det er rett å bruke disposisjonsfondet for å utvikle kommunen før den er avvikla, sa Magne Aardal (SV).

Kommunestyret var derimot samstemt for å bruke to millionar kroner av det 15 millionar kroner store disposisjonsfondet til reguleringsarbeid og konkrete utviklingstiltak neste år.

Styrer mot underskot

Det skjedde trass i klare åtvaringar frå konstituert rådmann Thor Ove Farsund:

– Vi går mot eit underskot på 4,5 millionar kroner i år, og dette må dekkast med bruk av disposisjonsfondet. Vi legg også opp til å bruke seks millionar kroner av fondet for å få budsjett i balanse dei kommande tre åra. I dag brukar de også to millionar kroner til utviklingstiltak. Dermed er det stor risiko for at disposisjonsfondet er tømt, sa Farsund heilt på tampen av budsjettdebatten.

Artikkeltags