Tore på sporet av sunnfjordslekt

LEITAR I SUNNFJORD: Det kan no sjå ut til at Tore Strømøy (t.v.) jaktar slektsband i Sunnfjord. Her er han avbilda saman med Stig Ryland i samband med eit tidlegare program.

LEITAR I SUNNFJORD: Det kan no sjå ut til at Tore Strømøy (t.v.) jaktar slektsband i Sunnfjord. Her er han avbilda saman med Stig Ryland i samband med eit tidlegare program. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Programmet «Tore på sporet» har i ei årrekke hjelpt folk over heile landet til å finne slekt og vener. No ser det ut til at programleiar Tore søker i Sunnfjord.

«Linda Skrede fra Ballangen i Nordland lurer på hvor hennes etternavn kommer fra. Hun vet at bestemor ble gift med ... Skrede og at han kom fra Skredestranda i Jølster. Er det der Skredenavnet opprinnelig stammer fra, eller et annet sted.» skreiv Tore på sporet på si facebookside laurdag.

Han oppmoda samstundes folk til å komme med tips.

Fleire kommenterte innlegget og søndag kveld hadde Tore fått 62 tips i sitt kommentarfelt.

Tipsa i kommentarfeltet var av ulik art og det var fleire som uttrykte uvisse om det i det heile tatt er nokon stad i Jølster som heiter Skredestrand.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken