Gå til sidens hovedinnhold

Her dreg Håvard i land storruggen!

Artikkelen er over 4 år gammel

JØLSTER: Dæven, den var skikkeleg feit og fin!!! Ein skikkeleg sværing!

Pappa Vidar Taklo er i skikkeleg ekstase når han ser at det verkeleg er fisk på kroken hos sonen Håvard Aarøen Taklo(10)

Tiåringen er ganske nøgd sjølv, for dette er første fisken i dag. Det har rett nok vore litt napp, men så langt er det berre pappaen som har fått fisk.

Pappa Vidar Taklo mistenker først at kroken sat fast i botn, men 10- åringen fastslår at han tek feil.

– Vi har jo blitt så ivrige no at vi trur at det nappar heile tida, sjølv om kroken sit fast i noko, flirer Vidar.

1110 deltakarar på Aurefesten – ny rekord

Familien på fem står ved Eikaasgalleriet i Jølster. Dei er blant dei 1110 påmelde deltakarane til Jølster Aurefest som går føre seg i Jølster laurdag.

I år er det 1110 deltakarar, noko arrangørane melder er ny rekord.

Les også: Rekordstor påmelding til helgas Jølster Aurefest

Konkurransen starta 12.00 og går fram til 15.00. I kveld skal vinnaren av ein splitter ny bil kårast.

– Fram med håven! Dra han i land!

Sekund seinare dreg tiåringen frå Jølster opp ein svær aure, så svær at pappa er redd den blir for stor for konkurransen, for var det ikkje ei øvre grense på 700 gram?

Mamma og veslebror i familien Kjetil (9) er med som assistentar denne laurdagen og trivst best med det.

Det har blitt fleire og fleire påmelde i konkurransen år for år. Med ein bil som førstepremie, er det mange som let seg lokke.

– Snapchat først!!!

Eit kjærastepar ved Haugen camping har ikkje fått ein einaste fisk. Men dei gir seg ikkje. No er det om lag 10 minutt att før konkurransen er over. Det hastar.

Så nappar det.

– Dra den i land! seier Karl -Erik Nes ivrig når kjærasten Anette

Skarsbø får ein liten fin aure nappe på kroken.

– Hent posen min, seier Anette ivrig.

– Nei, eg må ha ta ein snap av den først, seier kjærasten og knipsar eit bilde av fisken som kanskje, kanskje sikrar paret ein splitter ny bil.

Kommentarer til denne saken