Har opna 4H-gard

OPNA: Sunde på opninga laurdag 8. april.

OPNA: Sunde på opninga laurdag 8. april. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: For over eit år sidan sa Henriette Sunde opp jobben for å satse på småbruk. No har garden blitt 4H-gard.

DEL

– Det var ganske enkelt. Skulle eg ha gard, skulle det vere 4H-gard òg. Eg likar å kunne kombinere dei to tinga eg synest er kjekkast, nemleg å vere bonde og førskulelærar.

Det seier Henriette Sunde, som laurdag 8. april opna småbruket på Strand i Jølster som 4H-gard. Nærare 150 personar møtte opp.

– Eg hadde aldri drøymt om at så mange ville ta turen, smiler Sunde.

Ein 4H-gard vil seie ein gard som opnar for at born og unge kan komme og oppleve gardslivet, og få kunnskap om kvar maten kjem frå.

– Det har vore ei vill reise

For litt over tre år sidan tok Henriette Sunde over bruket på Strand, på sørsida av Jølstravatnet.

– Fjøsen og huset var ikkje etter dagens standard, så alt måtte byggast om. Eg måtte starte frå botnen av. Heldigvis finst det ordningar som gjer at nokon med ein litt uvanleg idé kan få realisert denne. Støtta frå Innovasjon Norge har vore avgjerande, fortel Sunde.

Vidare fortel ho at draumen ikkje kunne blitt røyndom utan familien, som har jobba mykje på dugnad.

– Når eg no tenker tilbake har det vore ei vill reise med opp- og nedturar, og reisa har berre så vidt starta.

OPNA: Sunde på opninga laurdag 8. april.

OPNA: Sunde på opninga laurdag 8. april. Foto:

Alltid drøymt om å bli bonde

Sunde har vore aktiv i 4H nær sagt heile livet, og det har alltid vore ein draum å bli bonde.

– Eg er ikkje vaksen opp på gard sjølv, og då er det ikkje kjempemange moglegheiter til å bli bonde. Det har vore ein lang prosess.

Sunde er eigentleg utdanna barne- og ungdomsarbeidar. Ho valte å også utdanne seg til førskulelærar og agronom, då ho hadde ein draum om å starte gardsbarnehage.

– Men i Jølster har kommunen gode barnehagetilbod, og eg innsåg at det kanskje kunne bli vanskeleg å kombinere full gardsdrift med barnehage. Derfor fant eg ut at ein Inn på tunet-avtale med kommunen, i tillegg til å vere 4H-gard, var ei god løysing.

Skal ha gardsveker i sommar

I sommar inviterer Sunde til gardsveker to gonger, i veke 25 og i veke 33. 20 born frå første til fjerde klasse skal delta kvar gong.

– Den første veka vart fullbooka på ei veke, medan den andre har eit par ledige plassar igjen, fortel Sunde.

– Borna skal utforske, erfare og finne ut av ting på garden. Her er det dyra og deira rutinar som gjeld, ikkje data eller TV.

Artikkeltags