Skeisekos på Vassenden

JØLSTER: – Ha det, mamma, seier Emilie Slåtten (1.5) då ho får drahjelp av far Sindre Iman.

JØLSTER: – Ha det, mamma, seier Emilie Slåtten (1.5) då ho får drahjelp av far Sindre Iman. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: God stemning og gode isforhold på Vassenden.

DEL

– Eg likar at det går fort, å ha god balanse. Det er kjekt å gå fort i svingane, seier Sunniva Skrede Hallanger.

Ho går ein del på skøyter i ein ballbinge på skulen, men søndag var første gangen ho prøvde seg på Jølstravatnet. Der er isen botnfrose mange stader, og opp mot 15 centimeter andre stader. Sjølv om langt frå heile vatnet er frose, er dette meir enn godt nok til ei ganske lang skøytebane og ei lita ishockeybane i tillegg. Det er lite snø på toppen av isen.

– Det er veldig fin bane her. Eg har lyst å vere her lenger, men eg må nok heim og gjere meg klar til skule i morgon, seier Skrede Hallanger.

Ho har ikkje sansen for kunstløp, men hockey og sprint er populært.

(saka held fram under bilda)

GÅR FORT: Sunniva Skrede Hallanger (11) likar at det går fort.

GÅR FORT: Sunniva Skrede Hallanger (11) likar at det går fort. Foto:

KASTA HANSKEN: Søsken- og venegjengen leikar flaggleiken på hockeybana. Eit par hanskar tener som flagg for høvet.

KASTA HANSKEN: Søsken- og venegjengen leikar flaggleiken på hockeybana. Eit par hanskar tener som flagg for høvet. Foto:

GODE VENER: Fv. Elias Erikstad Risøy (10), Marthe Erikstad Risøy (16), Hedda Erikstad Risøy (13), celine Skauge (12) og Madeleine Skauge (10) .

GODE VENER: Fv. Elias Erikstad Risøy (10), Marthe Erikstad Risøy (16), Hedda Erikstad Risøy (13), celine Skauge (12) og Madeleine Skauge (10) . Foto:

JØLSTER: Olai Sele Marifjæren tek innersvingen.

JØLSTER: Olai Sele Marifjæren tek innersvingen. Foto:

– Må nytte sjansen no

På hockeybana held ein gjeng vener på med flaggleiken. Det er to søskengjengar med felles vener: Elias Erikstad Risøy (10), Marthe Erikstad Risøy (16), Hedda Erikstad Risøy (13), Celine Skauge (12) og Madeleine Skauge (10).

Flagget er for høvet eit par hanskar.

I snøen utanfor bana har Marie Slåtten sett opp leir saman med mann og barn.

– Det er første gangen at eg går i dag. Det kjennest i beina etter berre ei runde. Vi må nytte sjansen og gå no som det er is og fint vær, seier Slåtten.

Dottera Emilie (1,5) syns det er litt skummelt med mann frå avisa, men tinar fort opp når ho får vere med far Sindre Iman på akebrett rundt på skøytebana.

Sjå video:

    Artikkeltags