Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Slik kan ein tolke Riksantikvaren sitt ynskje om å innføre ei omsynssone i store delar av Jølster. Planen er å etablere eit register over Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA-registeret). Jølster er peika ut fordi ein ynskjer å ta i vare det landskapet Nikolai Astrup spegla i sine måleri for 100 år sidan. I utgangspunktet ein tilforlateleg tanke. Men kva vil det ha å seie for bygda og framtidas Jølster?
Kommunen si rolle er å vere høyringspart. Det vert presisert at ei omsynssone er ikkje det same som vern. På ei anna side må ein stille seg spørsmålet – kva er poenget med ei omsynssone dersom ho ikkje skal ha praktisk betydning?
Rapporten kommunen skal meine noko om kjem med eit råd som seier at «Omsynet til verdiane i landskapet bør vektleggast ved alle nye tiltak.» Kva vil det eigentleg seie i praksis? Konsekvensane kan bli mange for grendene kring Jølstravatnet. Alle nye tiltak vil krevje ekstra vurdering utover dagens lovverk og restriksjonar. Det vil gjelde nye hus, tilbygg, driftsbygningar, byggeform, byggeskikk, fargeval, dyrking, vegbygging, treslagskifte, hytter, turistanlegg, kraftverk, leidningsnett og ikkje minst kvar folk faktisk skal bu i framtida. Truleg må ein søke dispensasjon for å få gjennom eit tiltak. Noko kommunen kan gje, men som høgare instansar må godkjenne. Eventuelt avslå fordi ein ikkje har teke nok omsyn eller saka ikkje er godt nok utgreia med planar og teikningar.
Det er alt mange omsyn ein må ta ved handsaming av tiltak. Naturmangfald, vasskvalitet, omsynssone kring vatn- og vassdrag, kulturminne, fortidsminne og for ikkje å snakke om omsynet til eventuell ras- og flaumfare. Vidare er somme område er alt verna. Vi har til dømes ein stor nasjonalpark i kommunen, samt eit stort landskapsvernområde. I tillegg har vi myrvern og utvalde naturområde som ikkje kan nydyrkast til matproduksjon. Kommuneplanen sin arealdel legg premissa for utviklinga i kommunen. Mykje av dette er fornuftig og betyr at kommunane si forvaltning per i dag ikkje er tilfeldig og lite gjennomtenkt.
Med stadig fleire omsyn kan behandling av søknadar, sjølv ved små tiltak, resultere i at ulike gebyr i sum fort overstig prisen på sjølve tiltaket. Rekninga for eit nytt omsynsområde kring Jølstravatnet må innbyggarane sjølv betale. Om verdien av hus, hytter og gardar vert reduserte, vert dette òg Jølstringane sitt tap.
Per i dag er 30% av Jølster alt nasjonalt verna. Med eit stort nytt kulturlandskapsområde på om lag 150 km² i tillegg, vil meir ein halve Jølster vere omfatta av restriksjonar. Riksantikvaren vil at kulturlandskapet skal bevarast. For so vidt prisverdig, men metoden er diverre feil. Astrup målte eit levande kulturlandskap i si tid. Kulturlandskap lever i beste velgåande. Ei konservering vil over tid kunne endre dette til skog og folketomme grender.
Ein ting kan ein seie sikkert – Jølster tek seg særs godt ut på postkort – fordi ein har klart å forvalte ressursane og landskapet på ein god måte over lang tid. Heilt utan Riksantikvaren sine føringar. Det er all grunn til å vere stolt over arven etter Astrup. Men er det ein god grunn til at Jølster anno 2023 er punktet der ein seier Stopp! Hit, men ikkje lenger?
Senterpartiet si haldning er – nei, vi treng ikkje ytterlegare nasjonale føringar for korleis forvalte kommunen vår. Vidare skal det seiast at sjølv Senterpartiet er klar over at postkort ikkje er like populært som før. Men det er ikkje tvil om at Jølster anno 2023 tilbyr nasjonalromantiske fotomoglegheiter verdig kvar ein instagramkonto, om det skulle stå på det.