– Det er berre å ta av seg hatten og gratulere! Vestland fylkeskommune set stor pris på innsatsen både distriktsmusikarane og andre gjer for å ta vare på den viktige kulturarven som folkemusikken er, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Distriktsmusikar i Sunnfjord, Ole Nilssen busett i Svidal i Jølster, tok nemleg kongepokal i klassen durspel senior under Landskappleiken på Rjukan i helga. I tillegg vann han dans fele klasse A saman med Solveig Brekke Hauknes.

Den andre distriktsmusikaren som utmerkte seg var Malin Alander med tilhald på Sandane. Ho vann vokal klasse A første gong ho konkurrerte i A-klassen.

I tillegg til distriktsmusikarane, var det også fleire andre vestlandsmusikarar som tok mange av prisane under landskappleiken. Alexander Aga Røynstrand, som tidlegare har fått folkemusikkstipendet til Hordaland fylkeskommune, vann hardingfele klasse A.

– Det er gjævt at Vestland hevdar seg i landskappleiken, men det er først og fremst kjekt å sjå resultat av ei langvarig satsing på folkemusikk. Vestland fylkeskommune deler kvart år ut eit eige folkemusikkstipend, der vi ønskjer å både bidra til kunstnarleg utvikling og til å sikre den immaterielle kulturarven, seier fylkesordføraren.