Jølster får kraftig kritikk: Arkivverket er redd for at sensitive dokument er rota vekk

IKKJE GODT NOK: Tidlegare Jølster kommune var ikkje gode nok på arkivering, meiner Arkivverket. Bildet er av kommunehuset som låg på Skei.

IKKJE GODT NOK: Tidlegare Jølster kommune var ikkje gode nok på arkivering, meiner Arkivverket. Bildet er av kommunehuset som låg på Skei. Foto:

Den tidlegare kommunen har ikkje gjort det dei skal for å ta hand om viktig informasjon om innbyggjarane sine. Sunnfjord kommune lovar no å rydde opp.

DEL

Det skriv NRK Vestland.

– Det er trist og synd at kommunane ikkje tek dette på alvor, for det undergrev både demokratiet og tilliten til myndigheitene, seier fagdirektør i Arkivverket, Kjetil Reithaug til NRK.

Arkivverket har mellom anna i oppgåve å passe på at kommunar og statlege organ følger arkivlova. Etter eit tilsynsrunde i fjor fann dei at 38 av 47 kommunar ikkje hadde gode nok rutinar eller strategiar for å langtidslagre data.

Det kan truge demokratiet, meiner Arkivverket. Jølster er ein av kommunane som får krass kritikk.

– Dei hadde ikkje god nok oversikt over kva slags arkivsystem dei hadde, og kven som var ansvarleg. Dei hadde heller ikkje kontroll på kva slags rutinar og instruksar som gjeld for arkivarbeid i kommunen, seier Reithaug.

Dei har purra på kommunen sidan 2018. Også etter at Jølster vart ein del av Sunnfjord kommune meiner Arkivverket at ting har gått for treigt.

– På dei to åra kan dokument og informasjon i verste fall gått tapt, seier Reithaug.

Solveig Masdal Haugsvær, einingsleiar i Sunnfjord kommune, erkjenner at jobben med arkivering i Jølster ikkje har vore god nok, men at dei no vil rydde opp.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken