Johannes og Tarjei tok gull

GULL: Dette bildet er frå VM i Östersund i 2019. Då vann Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gull. Det gjorde dei også i første konkurransen i årets VM.

GULL: Dette bildet er frå VM i Östersund i 2019. Då vann Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gull. Det gjorde dei også i første konkurransen i årets VM. Foto:

I dag opna VM i skiskyting, og første øving var mix-stafett.

DEL

På stafetten gjekk Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff og brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

Johannes Thingnes Bø gjekk siste etappen, og første skyting var kjapp og fin. På siste skyting bomma han to gonger, men det gjorde konkurrentane også. Thingnes Bø fekk ned dei to siste blinkane med ekstraskot, og då var det gjort.

Saman med Marte Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff tok dei to brørne frå Stryn VM sine første gullmedaljar.

Artikkeltags