Johannes (26) banka til frå start, men måtte slite for sigeren

VANN: Johannes Thingnes Bø vann fellesstarten i Nove Mesto søndag. Bildet er frå jaktstarten i VM i Anterselva.

VANN: Johannes Thingnes Bø vann fellesstarten i Nove Mesto søndag. Bildet er frå jaktstarten i VM i Anterselva. Foto:

Av

Stryningen hadde ein uvant plan frå start, men enda opp med å overvinne all motstand i Tsjekkia.

DEL

Det vart ein fantastisk dag i Nove Mesto for Johannes Thingnes Bø, som banka til frå start og sikra seg sigeren på fellesstarten. Dette er hans niande verdscupsiger denne sesongen.

Allereie frå start bestemte Thingnes Bø seg for å gå knallhardt ut, og så ut til å parkere det som var av motstandarar. På eit tidspunkt låg han, Vetle Sjåstad Christiansen og Tarjei Bø, heile tjue sekund føre resten.

– Dette er rett og slett vanvitig, hylte NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith då Johannes Thingnes Bø bestemte seg for å banke til frå start.

– Dette er ei historisk hending vi er vitne til! Dei sprengjer feltet på fellesstart allereie før den første skytinga!

Det skulle uansett bli ein del meir dramatisk då Thingnes Bø hadde éin bom på kvar av dei første tre skytingane, men på siste skyting viste han fram dei vanvitige eigenskapane, og banka ned alle blinkane.

I løypa kunne ikkje Emilien Jacquelin gjere noko som helst med den norske stjerna, som suste inn til nok ein siger. Franske Jacquelin tok andreplassen i Nove Mesto. Arnd Peiffer banka til, og sikra tyskarane tredjeplassen. Storebror Bø kom på 10.-plass.

Det er legenda Martin Fourcade som leiar verdscupen, mens landsmann Quentin Fillon Maillet ligg på andreplass. Thingnes Bø har tredjeplassen samanlagt.

Artikkeltags