Visste du at Norsk Hjortesenter på Svanøy byrja som eit forskingsprosjekt på storfugl, som tiur?

Det kjem fram i vekas Go' Knall med Simon Vie-podkast, der dagleg leiar Johan Trygve Solheim er gjest.

Då han byrja som gardsstyrar på eigedomen i mai 1987, hadde han også medansvaret for eit forskingsprosjekt på storfugl i regi av Svanøy Stiftelse, der ein ville finne ut om ein kunne gjere storfugl til husdyr. Og høyrer du på podkasten øvst i artikkelen, viser Johan Trygve at han faktisk kan snakke tiursk.

Men det vart hjort og ikkje tiur som han kom til å bli ein landsleiande ekspert på.

Det ville seg nemleg slik at det gjekk dårleg for Svanøy Stiftelse i ein periode på slutten av 80-talet, fortel Trygve Johan. Hovudgrunnen var at ei krise i oppdrettsnæringa, som var ein av hovudaktivitetane i stiftinga.

Etter kvart enda Johan Trygve opp som leiar.

– Det ville seg slik at stiftinga på slutten av 90-talet jobba med eit hjorteprosjekt, og det prosjektet vart ein forretningsidé. Då vi hadde drive med prosjektet ei stund og sett moglegheitene for hjort som husdyr, men også som villressursen det går an å jakte på, innsåg vi at vi trong eit kompetansesenter på hjort i Norge, seier Johan Trygve.

Og 1. januar etablerte dei Norsk Hjortesenter som eiga stifting.