Sindre Refvik er tømrarlærling i UNU AS, medan Martin Aadland Vad, som også vann tittelen, er tømrarlærling i Engelsen Bygg.

Refvik var elev på Vågsøy vidaregåande skule og starta læretida i UNU i fjor haust. Til sommaren skal 19-åringen ta fagprøva.

I læretida jobbar Refvik i prosjekt med tilbygg og rehabilitering.

– Stolt og glad

– Å bli «Årets lærling» gjer meg både stolt og glad, seier Refvik i ei pressemelding.

Målet hans er å gå vidare på teknisk fagskule eller å ta høgskuleutdanning for å bli ingeniør.

Premien til vinnarane er 10.000 kroner og eit diplom. Dette vart delt ut på eit arrangement i regi av Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling.

Skryt frå arbeidsgjevar

Refvik får også svært gode skottsmål av sin arbeidsgjevar:

– Han er ein av dei beste lærlingane vi har hatt, seier prosjektleiar og medeigar i UNU, Kent Rune Bugjerde.

 – Sindre kombinerer ein genuin interesse for tømrarfaget med gode sosiale ferdigheiter. Han har sterkt fokus på HMS og førebygging av skader, og er sterk på dokumentasjon. Han er ein lærling som kan nå langt uansett kva veg han vel vidare, seier Bugjerde.