Årslønna auka med 3 prosent i fjor

Av

Den gjennomsnittlege årslønna i Noreg auka i fjor frå 535.900 kroner til 551.800 kroner, ein auke på 3 prosent.

DEL

Høgast vekst var det i privat sektor og offentleg eigde føretak med 3 prosent. Deretter kjem stats- og kommuneforvaltinga med ein vekst på høvesvis 2,9 og 2,8 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

SSB reknar ut årslønna ved å summere månadslønn for avtalt arbeidstid for alle månadene i året, og dette omfattar både avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonusar, men ikkje overtidsgodtgjering.

Årslønna i statsforvaltinga er høgare enn i dei andre sektorane, i gjennomsnitt rundt 95.000 kroner høgare enn i kommuneforvaltinga. SSB peikar på at ei av årsakene er at det i statsforvaltinga (som inkluderer helseføretaka), er fleire tilsette med både høgare og meir spesialisert utdanning.

Artikkeltags