Gå til sidens hovedinnhold

Jenny Brum og venane hennar

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


Den vesle fyren i barneforteljinga fyller snart 100 år. Vi kan såleis seie han er ein utdatert bjørn, men han held seg godt og er framleis populær. Lokalpolitikarar som er langt yngre, men med utdaterte haldningar trur eg byrjar bli langt mindre populære.

Førdepakken si historie er i Firda 15. des. samanfatta i ein analyse av journalist Frode Grimelid med tittelen «Veljarane avgjorde bruvalet». Han kan dessverre komme til å få rett slik det ser ut til å utvikle seg, men vi er fleire og fleire som håper han ikkje får rett. Han skriv og om det folkelege «drapet» på planane om ny veg langs elva bak Elvetorget og Bohus i 2003. Det inspirerer.

«Kanskje er ikkje Førdepakken som heilskap like enkel å ta stilling til som den eine vegen i 2003, …» skriv Grimelid. Eg er heilt samd, berre han kunne stryke det første ordet «Kanskje». Førdepakken som heilskap er kompleks. Vi i FramtidsFørde opplever at folk flest, eller veljarane om ein vil, ikkje veit nok til å ha ei sikker meining. Mange veit ikkje at Førdepakken består av 20 tiltak og det kjem som ei overrasking at vi i FramtidsFørde er FOR Førdepakken, med unntak av tiltak 1, 12 og 14.

Mellom dei som i det seinare etter kvart har sett seg grundig nok inn i Førdepakken har vi til gode å finne tilhengarar av alle dei 3 tiltaka, eller delprosjekta, nemnt over. Vi i Framtidsførde er stempla som «aksjonistar» og då er vi vel det. Eg vel å kalle oss målberarar av sunt folkevit. «Aksjonistar» i Førde og Sunnfjord ynglar for tida, noko som gjenspeilast i mengda lesarinnlegg. Fleire og fleire ser kor gale dette ber av stad, fleire og fleire viser seg å ha sunt folkevit. Så langt synest det å komme som ei overrasking på fleirtalet i kommunestyret.

Politikk er eit spel som for oss på utsida har sine tragikomiske utslag. Det seiest at venane Jenny og Helge Robert med kvar sin flokk hadde samråd nokre dagar før kommunestyremøtet førre veke. Da vart alternativ 7 med rundkøyring over laksesporden og tilhøyrande bilbru stemt igjennom. Kanskje med pisk, og kanskje ei gulrot med, for …

Jenny Brum kom med ei genial løysinga frå talarstolen i kommunestyresalen: Vi kan berge både fotballbanen og Laksen. Løft betongdekket på rundkøyringa opp på pålar slik at laksesporden kan leggast under! Akkurat som bjørnen Ole på spørsmål om mjølk eller honning svara: «Ja takk, begge deler».

Eg undrast om prosjektfolka i Førdepakken såg den komme. No har dei fått nok ei bestilling frå kommunestyret. Dei bukkar og må sette i gang, eg tviler på om dei takkar. Vi veljarar vil gjerne vite kva rekninga på nok ei utgreiinga kjem på.

Frode Grimelid har respekt for ein politikar som er tru mot partiprogrammet sjølv om hjartet til vedkommande kanskje blør. Eg har same respekten for politikarar som står for djupt rotfesta personlege livssyn og prinsipp. Mon tru om ein skal bygge same synsvinkel når det er snakk om enkeltsaker? Eg trur veljarane stemmer på det partiet som passar best med grunnsynet, og som dei elles er minst ueinige med i enkeltsaker. Om ein skulle finne eit parti som ein var einig med absolutt alt i vart det skrint ved valurnene.

Til Firda vil eg gi ei utfordring og ein lovnad: Kan Firda få ordna ei representativ og tverrpolitisk gallupundersøking blant veljarane i Sunnfjord m.o.t. Tiltak 1, 12 og 14 i Førdepakken? Eg vil tru at ordførar, varaordførar og resten av kommunestyret ville få noko å tenke på.

Her kjem lovnaden: Om Jenny Brum og venane hennar IKKJE får noko å tenke på skal eg slutte å skrive i avisa.

Les også

Veljarane avgjorde bruvalet

Les også

Stig Eikaas planta skilt ved Laksen: – Sikkert ikkje lov. Håpar dei ser gjennom fingrane

Les også

Skal ikkje politikarar ta balanserte avgjerder?

Les også

Kvifor har ikkje Førdepakken vist ei løysing som reddar både fotballbana og laksen?

Les også

– No får dei ta ansvar for galskapen

Les også

Kvifor har ikkje Førdepakken vist ei løysing som reddar både fotballbana og laksen?

Kommentarer til denne saken