Det såg lenge ut til at det var bussjåfør Jardar Raa Haugland skulle bli, nett som bestefar hans Audun.Bestefaren køyrde buss for Firda Billag, og Jardar fekk sitte på frå han var 2–3 år gammal. Men det vart lastebilsjåfør han blei.
Guten som nesten gjekk i bestefars fotspor
– Ein skal aldri seie aldri. Men eg køyrer ein del buss på festivalar, seier Jardar.
Men det er ikkje kva som helst buss han køyrer rundt i.
– Palmehelga 2018 var eg til Stavanger og henta att gamle skulebussen som bestefar min køyrde i 1994, seier Jardar.
Bussen vart seld av Firda Billag i 2005 til ein barnehage i Stavangerområdet. Så vart den selt i 2016/2017 av ein privatperson som gjorde bussen om til campingbuss og nedklassa den til lastebil.
Jardar medgir at bestefaren var litt våt i augekroken då han rulla inn på tunet med den gamle skulebussen hans.
– Han stod klar, for å seie det sånn, seier Jardar og legg til at han har fått køyre den litt etter at bussen kom heim att.
Heile podkastepisoden ser du øvst i artikkelen.