Jaktar på rein rus

Andrè Torvund (17) og Samson Wie (17) meiner rusen dei får gjennom å spele Arena Touchdown er verdt mykje. Intensiteten og samhalde i idretten gjer at dei stadig opplever ruskjensla i spelet.

Andrè Torvund (17) og Samson Wie (17) meiner rusen dei får gjennom å spele Arena Touchdown er verdt mykje. Intensiteten og samhalde i idretten gjer at dei stadig opplever ruskjensla i spelet. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Elevar frå vidaregåande skule samlast for å få eit skikkeleg kick. Dei elskar å ruse seg saman.

DEL

– Ingen av oss er heilt imot å drikke alkohol. Men å få kjenne at ein kan få ein rus på andre måtar òg, det er ganske spennande, seier Andre Torvund (17) om å spele Arena Touchdown.

– Kjensla over å meistre noko som du gjerne ikkje hadde trudd du skulle meistre, den er ubeskriveleg. Vi får eit skikkeleg kick, seier Samson Wie (17) som nett har blitt med laget til Øyrane vgs.

Også lagkameratane er einige i at det gir ei ekte godkjensle.

– Vi blir skikkeleg rusa av dette, fastlår Torvund.

Nytt samarbeid

Førre fredag møtte dei saman med rundt 50 ungdommar frå dei to vidaregåande skulane i Førde opp for å høyre ruskonsulent Harald Munkvold snakke om rus og fysisk aktivitet. Han har nyleg byrja eit samarbeid med Foreningen Rein Rus som blei til etter inspirasjon frå Treningskontaktordninga i Førde.

Gutane synest det er tøft og lærerikt at ein som tidlegare har hatt rusproblem står framfor ei forsamling og fortel om det, og vil hjelpe.

Samanlikna med amfetamin

– Han har jo innsett korleis det kan øydelegge. Han samanlikna til dømes det å vere ute og drikke alkohol med rein, naturleg rus. Når ein drikk er ein gjerne høgt oppe og har veldig god sjølvtillit. Han samanlikna òg med amfetamin. I slik kjemisk rus er du høgre oppe enn deg sjølv, men etterpå får du abstinensar og gjerne angst. Gjennom spelet får vi ein rusfølelse, men slepper angsten, forklarar Torvund.

– Ein får ingen biverknader med å ha adrenalinkick, skyt David Holst,som er trenar,  inn om si oppleving av kva spelet gir dei.

Stort engasjement

Munkvold sjølv er imponert over ungdommen sitt engasjement rundt temaet.

– Det er utruleg å sjå så mange elevar frå vidaregåande skule møte opp ein fredag kveld for å få undervising om fysisk aktivitet og rus. Dei tar òg bodskapen på ein veldig god måte, seier Munkvold.

Positive til rus

Dei fleste som møtte opp rekte opp handa på spørsmål om dei brukte alkohol. Munkvold og Rein Rus legg vekt på å ikkje komme med noko peikefinger eller moral, men heller å informere om rus.

– Vi formidlar ei positiv vinkling på rus. Rus er ok, og alkohol kan òg vere ok. Men det kan bli for mykje. Vi ser at dei som er bevisste på dette bruker mindre kjemiske rusmiddel, fortel Munkvold.

Han kursar treningskontaktar i å hjelpe folk med behov for det, for å hindre angst og depresjon. Hovudvekta ligg på å gje dei ein rus gjennom fysisk aktivitet. Å samarbeide med Foreningen Rein Rus passar slik heilt utmerka.

– Ungdommane her utfører den teorien vi underviser, i praksis, seier Munkvold.

– Vi merkar skikkeleg godt kva som er meint med rein rus, når vi spelar, fastslår Torvund etter å ha vore på forelesing av Munkvold.

Det støttar lagkameratane han i.

- Det er for lite rus i samfunnet

Den forenkla innandørsversjonen av amerikansk fotball, Arena Touchdown, er eit nytt spel foreininga har utvikla, nettopp med tanke på å gje spelarane denne kjensla. Enklare reglar, intensitet, spenning og høg fart er stikkorda.

– Vi skal ruse oss meir. Det er for lite rus i samfunnet, seier grunnleggar av foreningen Rein Rus, og utviklar av spelet, Robin Marvik Gjesdal (23). 

I motsetnad til det dei ønsker å formidle, meiner han folk har ein tendens til å reagere berre negativt, når det er snakk om rus.

– Vi legg vekt på den reine, positive rusen som kjem gjennom trening og samhald, seier han før han dirigerer gjengen til å ta på hjelmar og øve på taklingar.