Ulven blir utstoppa og forblir i Sunnfjord

Leiar i jaktlaget i Naustdal, Stein Mortensbakke (t.v.) vil sørge for at ulven ikkje hamnar langt vekke. Her saman med Vidar Heggheim etter fellinga.

Leiar i jaktlaget i Naustdal, Stein Mortensbakke (t.v.) vil sørge for at ulven ikkje hamnar langt vekke. Her saman med Vidar Heggheim etter fellinga. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

No blir ulven foreviga. Denne gongen garanterer jaktlaget at folk skal sleppe å reise langt for å sjå den.

DEL

Ulven som i desember blei felt i Naustdal, er no i hendene til utstopparen Vidar Aa Djupvik på Jølster. Han tar sikte på at ulven kan vere klar til å stillast ut i august.

– Han skal gå oppover medan han ser bak seg. Han blei jo forfølgt. I tillegg skal han ha open munn, røper Djupvik om den planlagde posituren.

Førre gong det vart felt ulv i Naustdal var i 1950. Ulven som vart felt denne gongen hamna på Naturhistorisk Museum i Bergen, trass at lokale krefter forsøkte å behalde ulven i Sunnfjord. Men denne gongen vil ikkje jaktlaget i Naustdal risikere at ulven forsvinn.

– Vi har bestemt at ulven ikkje skal ut av Sunnfjord. Vi kjem til å lage ei avtale som garanterer at det er 100 prosent sikkert at ulven blir her. Vi vil at folk skal få sjå den. Det blir for dumt at ein må reise til Bergen for å sjå ein ulv som er felt her, fastslår Stein Mortensbakke, leiar for utstjaktlaget i Naustdal.

Tidlegare har ulven vore synt fram for skuleelevar og andre i Naustdal.

Blir tilgjengeleg

Den som skaut ulven har disposisjonsrett, men Mortensbakke fortel at vedkommande ikkje ønsker å ha ulven heime hos seg privat. Men kor ulven skal stå når den er ferdig utstoppa, er ikkje klart.

– Det må vere eit stad der publikum får tilgang til den, og som har dei rette forholda for å bevare den, seier Mortensbakke.

Jaktlaget kjem til å behalde disposisjonsrett, slik at ulven går attende til dei dersom det skjer noko med plassen der ulven blir plassert. I første omgang er jaktlaget no ute etter sponsorar som kan bidra til å ta rekninga for jobben.

Krevjande arbeid

Ifølge utstopparen sjølv er det mykje arbeid som må gjerast før ulven er klar til å stillast ut. Ulven er no flådd, og neste steg er å reinske og salte skinnet. Den må så ligge i to veke før garveprosessen tek til. Så skal det lagast mannekeng og sokkel. Arbeidet er tidkrevjande, og utstopparen sin startpris ligg på 16.000 kroner. Også han er glad for at ulven blir lokalt.

– Noko anna hadde rett og slett vore for gale.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken