Jakob har vore med å skrive Barnas klima- og miljørapport 2022, som i år inkluderer resultata frå ei spørjeundersøking med 1039 barn i Norge sine svar på spørsmål om klima og miljø.
Norske barn krev at dei skal bli tekne på alvor, og spør når politikarane skal byrje å lytte.
Rapporten er laga av Barnas klimapanel, der Jakob er på sitt andre år. Målet med panelet er å vere eit talerøyr for barn inn mot dei som bestemmer, i saker som handlar om klima, miljø og barn si framtid.
Barnas klimapanel har tidlegare deltatt på fleire klimaforhandlingar, og Jakob var med til Glasgow i fjor. No går turen til det store klimatoppmøtet i Sharm el Sheikh i Egypt.
Barna i klimapanelet har ei travel tid i Egypt føre seg og skal få med seg mykje når dei er der.
– Eg håper vi treff klima- og miljøminister Espen Barth-Eide, slik at han kan få den nye rapporten vår. Norge er nøydd til å ta ansvar på klimatoppmøtet, det handlar om framtida til barn i heile verda, seier Jakob i ei pressemelding frå Miljøagentane.
Jakob (11) drog heim til kronprinsparet for å snakke om klimaet: – Vi skal vere eit talerøyr!

Jakob (10) frå Sandane er valt ut til Barnas klimapanel
