Jahn Teigen er død

DØYDDE MÅNDAG: Jahn Teigen døydde måndag kveld, 70 år gammal.
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

DØYDDE MÅNDAG: Jahn Teigen døydde måndag kveld, 70 år gammal. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

Mannen med Noregs høgaste splitthopp og ein av våre mest folkekjære artistar, Jahn Teigen, er død, 70 år gammal.

Teigen vart fødd 27. september 1949 i Tønsberg og starta den lange karrieren sin på 1960-talet, men fekk det store gjennombrotet sitt som soloartist i Melodi Grand Prix i 1978. Då vann han den norske finalen med «Mil etter mil».

I den internasjonale finalen enda det med null poeng. Det gjorde han berre meir populær her heime, og «Mil etter mil» vart ein stor hit.

Crazyhumor

Teigen var ein gjengangar i Melodi Grand Prix, i 1976 ikledd skjelettdrakt. Crazy-humor vart det meir av i gruppa Prima Vera, der Teigen saman med Herodes Falsk og Tom Mathisen gav ut ei rekke album, blant dei kjempesuksessen «Brakara» i 1978.

Teigen samarbeidde tett med Herodes Falsk. Då han i 1975 gav ut si første av mange soloplater var det med tekstar av Herodes Falsk og tittelen «Teigen synger Falsk».

Heiderspris

Med låtar som «Optimist», «Det vakreste som fins» og «Min første kjærlighet» har Jahn Teigen selt fleire millionar plater og han vart tildelt heidersprisen under Spellemann-utdelinga to gonger.

–Jahn Teigen har i periodar halde ein heil bransje i live. Han har vore tru mot populæruttrykket, og heilt sidan 60-talet har han levert låtar som i dag er å vurdere som folkeeige, sa Tore Hansen på vegner av Norsk Artistforbund då Teigen fekk Artistforbundets ærespris.

– No er det på tide at pop blir stovereint. Eg håpar slike prisar som dette kan vere til hjelp, var bodskapen frå Teigen då han fekk æresprisen i 2002.

Statue i heimbyen

Om stovereint er det same som prisbelønt, vart Teigen bønnhøyrd. I 2010 vart han slått til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 2012 vart han innlemma i Rockheims Hall of Fame. Same år stod ein statue av han ferdig i heimbyen Tønsberg.

Men det spørst nok om han nokon gong i karrieren har fått fleire presseoppslag enn då han i 1984 gifta seg med Anita Skorgan. Pressa elska eventyret om villmannen og klovnen Teigen og den skikkelege, fine Anita Skorgan. Same år som dei gifta seg fekk dei dottera Sara, som vart ein av 1980-talets mest omtalte babyar.

Ekteskapet varte berre i fire år, men dei to vart verande gode venner, og i 2009 gjorde dei braksuksess med showet «Jahn Teigen fra Tønsberg».

Skapte glede

Teigen medverka òg i fleire musikalar, mellom anna «Rocky Horror Show», «Fantomets glade bryllup» og «Fisle Narrepanne i Tyrol». Dei to siste var han òg med å skrive.

– Han er ein ikonisk artist. Det finst ikkje mange som både er likt av progfolk og bestemor på Løten som syng med på «Det vakreste som fins», konstaterte Christer Falck i plateselskapet C C Records i samband med Teigens 70-årsdag i september.

Falck varsla samtidig utgjeving av ein samleboks med alle Teigens soloplater, som truleg kan ventast i april.

«Ikke som alle andre»

Teigen slapp sjølv låten «Ikke som alle andre» på bursdagen, skriven saman med vennen Øystein Wiik. Han skreiv òg manuset til musikalen «Optimist», som sist haust gjekk for fulle hus i Oslo.

Jahn Teigen har gjennom karrieren sin friskt blanda sjangrar og kryssa grenser, og ikkje vore lett å setje i bås. Sjølv oppsummerte han det slik etter å ha vandra rundt i sitt eige liv, i utstillingslokala på rockemuseet Rockheim i Trondheim i 2012:

– Eg er vel ein slags entertainer. Men drivkrafta har heile tida vore å bruke det eg kan til å skape glede.

Artikkeltags