For oslofolk betyr det munnbind på butikken og absolutt ingen besøk på den lokale puben eller restauranten. Oslofolk bør nemleg følgje reglane som gjeld i hovudstaden.

Det kom fram på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag. Sidan Noreg stengde ned 12. mars i fjor, på dagen eitt år sidan, har regjeringa halde i alt 172 koronapressekonferansar, som oftast saman med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI).

Fredag var det råd og reglar for påskeferien som stod i sentrum. Helseminister Bent Høie (H) og justisminister Monica Mæland (H) slår fast at folk kan dra på hytta i påska viss dei tek ekstra smittevernomsyn.

– Vi tilrår då å gjere innkjøpa på førehand, unngå kollektivtransport viss det er mogleg, og halde avstand til andre, seier Høie.

Hytteforbod ikkje vurdert

Overfor NTB understrekar han at regjeringa i år ikkje har vurdert eit hytteforbod, slik regjeringa – til høglydt kritikk – innførte i fjor.

– Den gong var det ikkje eit smitteverntiltak, men eit smitteberedskapstiltak, seier Høie.

Helsestyresmaktene er likevel bekymra for at folk frå område med høgt smittetrykk skal bringe smitte med seg til fjells. Derfor blir dette tilrådd:

* Alle som er sjuke, bør halde seg heime i påska, og alle som blir sjuke på hytta, bør dra heim. Dei som ventar på testsvar, må òg halde seg heime.

* Ha færre kontaktar enn vanleg og ha møte og aktivitetar utandørs.

* Folk bør lese seg opp både på smitteverntiltaka til heimkommunen og hyttekommunen og følgje dei strengaste.

Enorm nedside

Helsedirektør Bjørn Guldvog håpar folk ikkje vil falle for freistinga til å ta ein øl på den lokale puben.

– Viss ein gjer det, er nedsida enormt stor. Viss det er mange som bryt desse råda, så vil vi kunne få veldig mange nye utbrot rundt i landet. Det er veldig kostbart og har store konsekvensar for barn og unge, og det kan føre til meir sjukdom og død, seier han til NTB.

Styresmaktene tilrår heller ikkje turar frå hytte til hytte, og folk blir bedne om å reservere ubetente hytter på førehand. Viss hytter ligg vanskeleg til, og det kan bli vanskeleg å få helsehjelp ved behov, bør det bli vurdert å stengje tilgangen til dei, meiner regjeringa.

Dei som hamnar i karantene rett før påska, blir bedne om å halde seg heime.

– Det er ikkje greitt å ta halve karantenen heime og halve på fjellet, seier Guldvog.

Utanlandsreiser blir rådde mot

Regjeringa kjem òg med ei særleg oppmoding til dei som bur i område med mykje smitte, til dømes Oslo, om å unngå hotell og andre overnattingsstader. Reiselivsaktørane blir bedne om å avgrense tilgangen til fellesareala på slike stader.

Folkehelseinstituttet har ikkje rekna på kor stor smittespreiing som kan oppstå i kommunar med mindre smitte når det kjem folk frå område med meir smitte.

Alle unødvendige utanlandsreiser blir rådde mot, og alle som reiser på slike turar, må på karantenehotell når dei vender heim.

(©NPK)