Gå til sidens hovedinnhold

Ja, kva tenkjer dei tilsette ved Førde bibliotek?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Syner til lesarbrev i Firda 07.12.20.

«Det er veldig trist at biblioteksektoren blir bedt om å kutte kraftig i driftsbudsjettet sitt. For biblioteket er nemleg 440 000 mykje pengar». Så sant, så sant.

Dei tilsette ved Førde bibliotek hevdar at administrasjonen tre gonger har gitt «faglege» råd. Kva er «faglege» råd her? Det må forklarast. Dette er politikk der dei få og små skal ofrast for dei store. Administrasjonen har bestemt seg for at biblioteka på Skei og Viksdalen skal vekk

Dei tilsette ved Førde bibliotek peikar på kor viktig tilbodet ved Førde bibliotek er for veldig mange, særleg for eldre, barn og unge - også for Viksdalen og Skei. For Viksdalen og Skei er i alle fall ikkje tilbodet for eldre, barn og unge aktuelt, det veit dei tilsette ved Førde bibliotek også.

Så er det dei tilsette ved Førde bibliotek som må stå i ein utruleg travel og krevjande arbeidssituasjon - og så skal dei få arbeidet med nedskjering og omstrukturering attpå. Av dei mange oppgåvene dei tilsette må ta seg av, blir nemd «å gjere kvardagen enklare og meir økonomisk for mange ved gratis utlån av ski» m. m.. kontrasten blir for stor, dei små skal ofrast mens hovedbiblioteket skal slå om seg med tilbod som berre fantasien set grenser for.

Bøna som dei tilsette sluttar med vil eg omformulere til ei bøn om at politikarane ser kva dette gjeld.

Les også

Vil finne ut om Førde kan sikre bibliotek-tilbod i utkantane

Les også

Isak (13): – Blir veldig tomt utan skulen

Les også

Biblioteka på Skei og Viksdalen er føreslått nedlagde

Kommentarer til denne saken