– Håpar det er nokre kloke hovud som skal jobbe hos oss, seier Tor Egil Kristensen.
Han er dagleg leiar i Columbi AS, som no skal utvide drifta på lokalkontoret i Førde. Frå før har dei berre ein tilsett, Kjersti Fimland frå Naustdal.
– Eg gler meg veldig, seier Fimland. Ho er førebels aleine i bedrifta i Førde, men kjenner seg likevel ikkje aleine, sidan ho er mykje i teams-møte med andre tilsette.
Ho fortel at det viktigaste med utvidinga er at bedriftene får tilbod frå aktørar med lokal forankring. Det vil gje fordelar for kundane, ettersom dei vil kunne yte endå betre sørvis.
Forandring i bransjen
Columbi AS er ei informasjonsteknologisk selskap som leverer HR- og økonomisystem til bedrifter. Det som skjer i bransjen om dagen er at dei går frå jordbaserte til skybaserte system.
Fram til no har bedrifter vore nøydde til å leige eller eige eigen server for å bruke ulike økonomisystem. No vil selskapet flytte desse systema til «skyer».
Målsettinga er å kunne tilby tenester i heile området frå Stryn til Sogndal. Dei har allereie kontor i Ålesund og kjenner difor kystområda godt.
– Vi opplever at det er ei viss underdekning av bedrifter som satsar på skybaserte tenester. Det finst minst ein annan aktør som tilbyr jordbaserte tenester, men det er eit tidsspørsmål før det berre blir sky som gjeld, seier Kristensen.
Tredobla resultat
Selskapet har vore i drift sidan 80-talet, men i 2015 tok dei ei strategisk avgjerd om å vekse. Kristensen fortel at dei i mange år har vore lykkeleg som ei lita bedrift, men at dei no innsåg at det var mange samanslåingar av små bedrifter rundt om. Enten måtte dei vekse, eller bli selde til ei større bedrift.
– Vi har tredobla omsetninga sidan 2017.
Då viste årsresultatet ein auke frå 576.000 kroner til 3.341.000 kroneri 2021, altså ein auke på nesten 3 millionar på fire år.
Guteromsutdanning
No ser dei etter folk med kompetanse innanfor både menneskelege ressursar (HR) og økonomi. Det er viktig med høgskulebakgrunn, men Kristensen poengterer at dei er opne for folk med «guteromsutdanning».
– Mange i IT-bransjen no har ikkje formell utdanning, seier Kristensen.
For mange er dataspel vegen inn i bransjen. Derifrå vidareutviklar dei seg gjennom ulike forum for programmering. Nokre av dei som allereie er tilsette, har lært faget gjennom forum og generell interesse for faget.