Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
No er det over 20 år sidan vi flytta frå Oslo til Viksdalen, tok over gard frå generasjonen før oss, bygde hus og vart ein del av bygda. Det var ikkje noko vanskeleg val. Vi er glade i Sogn og Fjordane, her er ei bygd med godt barnehage- og skulemiljø, og ei bygd full av engasejrte, kunnskapsrike menneske som stiller opp og gjer ein innsats for at ting skal fungere bra. For oss som meiner verdiar er meir enn det som kan målast i pengar, vart dette eit godt val.
Det ser til og med ut som vi har ungdom i huset som ynskjer å kome tilbake til bygda etter at dei er ferdige med utdanninga. Kan ein ønskje seg meir?
Men så vart vi ein del av storkommunen Sunnfjord. Intensjonsavtalen vart skriven, med mange fine ord. No er vi komne til budsjett. Og skuleplan. Her skal utkantskulane leggast ned. Hadde dette vore oppslaga då vi skulle etablere oss, hadde det ikkje vore attraktivt å flytte til Viksdalen. Det kan snart sjå ut som det einaste som står att av intensjonsavtalen, er at ingen i administrasjonen skal seiast opp eller gå ned i løn. Så får heller barn og unge ta kostnadane. Å legge ned tilboda i bygdene våre slik at folk ikkje vil flytte hit, må vere å gå baklengs inn i framtida.
Til tross for at framlegget om å legge ned ungdomstrinnet i Viksdalen og flytte elevane til Sande har blitt lagt på is tidlegare bl.a. på grunn av rasfarleg skuleveg, set no kommunalsjef forskule dette opp som eit framlegg som skal gjennomførast komande femårsperiode. Vegen har ikkje blitt tryggare, og i våre auge er ungane like mykje verd
Eit år som del av Sunnfjord kommune fortener både ettertanke og oppsummering. For min del går den i blues. Skal passe til melodien til «Mandag mårra blues». Fritt fram å bruke for alle bygdelag. Etter første verset er eine linja i refrenget kutta.
Intensjonsavtale-blues
Sete her med kaffikoppen, slår opp i avisa.
Er det noko nytt for oss i Sunnfjord her i dag?
Saman blir vi store, saman blir vi sterke.
No kan vi styrke alle bygdelag.
Her ventar knapt dei store nederlag?
Før intensjonsavtale-blues
Intensjonsavtale-blues.
Kaffien den kolnar
Håpet fell i grus
Med intensjonsavtale- blues
Dei startar med å kutte fleire skular- fleire bygder
For storkommune kostar mykje pengar å få til
Dei skuldar på dei gamle som veks i tal og alder
Og tek vekk alt vi treng nett som dei vil
No kan vi faktisk ikkje teie still!
Intensjonsavtale-blues
Olve Grotle lova oss
Eit liv i sus og dus
Før intensjonsavtale-blues
I mange hus og heimar sit det folk og les det same
Uroa den brer seg over nærmiljøet «mitt»
Skal bygdene fungere treng vi alle små og store
Her trengst vi og her bidreg kvar med sitt.
No får vi sjå verdien svart på kvitt
Intensjonsavtale-blues
Storkommunen er visst berre kamp om mitt og ditt
I intensjonsavtale-blues
Vi har fått ei fagutviklingsgruppe her i Sunnfjord
der tidlegare sjefar frå kommunane er med.
Løna der kan sikkert vere med og redde skular,
men dei som får bestemme vil’kje det
For alle vil ha løna si i fred!
Med intensjonsavtale-blues
Administrasjonen skal vi ikkje
tulle med
I intensjonsavtale-blues
Når kommunar blir for store, og feil folk sit ved roret
Blir menneska usynlege - systemet styrer alt!
Verdi er meir enn pengar, kommune mer enn sentrum
Det treng visst folk i Førde bli fortalt.
Intensjonsavtale-blues
Akkurat no ser det ut som mykje kan gå galt.
Intensjonsavtale-blues.
Ein leksjon i slett utkantstrategi

Tilflytta familie i Holsen: – Vi hadde ikkje flytta hit om vi visste at dei ville legge ned skulen
