Onsdag 13. oktober vert det på nytt ventetid på riksveg 5 på strekninga Jølster – Sogndal.

Fjærlandstunnelen blir stengd i periodar på inntil 45 minutt grunna vegarbeid. Statens vegvesen melder at det vil bli leiebil gjennom tunnelen.

Vegvesenet reknar med at arbeidet er ferdig onsdag kveld klokka 19.00.

Frå klokka 11.00 til 18.00 reknar dei ei ventetid på inntil 30 minutt. Mellom klokka 18.00 og 19.00 er ventetida inntil 45 minutt.